Styremøte 8. mars

6. mars 2018 12:47

Styremøte 8. mars

Strategi for perioden 2018 til 2021 er blant sakene på agendaen då styret ved NHH kjem saman torsdag 8. mars.

Styret har tidlegare hatt breie diskusjonar om NHH sin strategi for fireårsperioden 2018-2021. Torsdag vert det lagt fram eit revidert strategidokument til handsaming og endeleg vedtak.

Vidare skal styret diskutera forslag til mål som skal inngå i NHH sin utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet. KD har gradvis innført ei ordning med slike avtalar som eit bidrag til den faglege utviklinga ved utdanningsinstitusjonane.

Blant andre saker er utkast til NHHs årsrapport for 2017-2018, statusrapport for kjønnslikestilling 2017- 2018, status for arbeidet med ny personopplysningslov, mandat og årsrapport for studentombodet, ei orienteringssak om varslingsrutinar ved NHH og staus for arbeidet med nybygget.

Sjå saksdokumenta til styremøtet 8.mars på styrets nettside