Søkjer stipendiatar til Forskar Grand Prix

Erling Risa på Forsker Grand Prix
Erling Risa representerte NHH under Forskar Grand Prix i 2017. Foto: Øyvind Ganesh
Av Øyvind Torvund

20. mars 2018 12:37

Søkjer stipendiatar til Forskar Grand Prix

Forskingsdagane i Bergen er på jakt etter stipendiatar som vil delta i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix i september. Er du den vi ser etter?

Forskar Grand Prix er Noregsmeisterskapet i forskingsformidling og ein glimrande sjanse til å utvikle formidlingsevnene sine. Alle deltakarane får individuell coaching der ein lærer om mellom anna historieforteljing, presentasjonsteknikkar, stemmebruk og kreativ tenking.

Konkurransen går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentera forskinga si for publikum og eit dommarpanel. Dei to beste formidlarane går vidare til den nasjonale finalen. Bergensfinalen går av stabelen 23. september, mens den nasjonale finalen blir arrangert i Tromsø.

Søknadsfrist for å bli med er 30. april

Her kan du lese meir om Forskar Grand Prix.

Kontakt:

Er du interessert i å delta eller vil vite meir om konkurransen? Ta kontakt med Øyvind Torvund på Kommunikasjons- og marknadsavdelinga. Telefon 55 95 96 91.

Les om stipendiatar som har vore med i konkurransen tidlegare:

NHH-stipendiat klar for Forskar Grand Prix

Kor mykje har familiebakgrunnen å seie for kva slags utdanning ein tek? Det forskar stipendiat Erling Risa på. Onsdag representerer han NHH i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix.

Spent før Forskar Grand Prix

Sandra Halvorsen forskar på korleis ektefeller samarbeider. Onsdag 28. september skal stipendiaten forsvare NHH si ære under Forskar Grand Prix.

Fleire interne nyheiter