Slik kjøper du bøker

Av Sigbjørn Råsberg

1. februar 2018 10:58

Slik kjøper du bøker

Neste gong du skal kjøpe ei fysisk bok, vender du deg til den som har ansvar for bestillingar på instituttet eller avdelinga di. NHH har no inngått rammeavtale for kjøp av bøker. Det betyr at vi berre kan kjøpe hos dei leverandørane som vi har avtale med.

Viss dei tre nye leverandørane våre ikkje har boka du treng, kan du kjøpe frå andre leverandørar som til dømes Amazon. Då kan du kjøpe boka sjølv.

Vi har inngått den nye felles rammeavtala for kjøp av bøker saman med Høgskulen på Vestlandet.

Avtalen er lyst ut internasjonalt med tre kategoriar bøker: norske, skandinaviske og internasjonale. Leverandørane som er tildelte kontrakt er:

  • Norske bøker: VB Bok (Akademika)
  • Skandinaviske bøker: Biblioteksentralen
  • Internasjonale bøker: F. Delbanco

Alle leverandørane er lagt opp i NHH sitt bestillingssystem, Basware PM, med nettbutikk. Alle bestillarar på NHH skal kjøpe bøkene gjennom Basware PM. Kvart institutt og avdeling har ein person som har ansvar for å bestille varer og tenester på vegne av eininga si.

Kven er bestillar på eininga di? Sjå oversikta her

Fleire interne nyheiter