Velkomstveka oppsummert

Rektor Øystein i uformell samtale med nokre av dei nye bachelorstudentane.
Rektor Øystein i uformell samtale med nokre av dei nye bachelorstudentane. Foto: Hallvard Lyssand
Av Astri Inga Kamsvåg

16. august 2018 19:30

Velkomstveka oppsummert

NHH har tatt grep for å sette standarden frå første stund for dei nye studentane som starta denne veka. Frukost og faglege aktivitetar med obligatorisk oppmøte og gjennomgang av retningslinjene for korleis oppføre seg på NHH har blitt veldig godt motteke.

Last ned

- Eg er overvelda! seier prorektor Linda.

Ho fortel at rektoratet har hatt fokus på å etablere nye møteplassar for studentane på dagtid. Næringsrik og gratis frukost med mat sponsa av Kavli, Q-meieriene og Baker Brun har gitt nykomarane ein god start på dagen.

- Å gi studentane smakebitar på det faglege, det som NHH eigentleg handlar om, har òg vore viktig, fortel Linda. Studentane fekk utdelt ein case som dei har arbeidd med i grupper heile veka. Gruppene var det NHH som sette saman.

- På denne måten legg NHH til rette for at dei nye studentane raskt kan bli kjende med kvarandre og lage seg nettverk, uavhengig av kva faddergruppe dei er i, fortel ho.

I tillegg har det nye kullet fått ein grundig gjennomgang av korleis NHH forventar at dei skal oppføre seg. Desse retningslinjene for NHH-kulturen er utarbeidd saman med studentforeininga.

Linda synst at den nye velkomstveka med obligatorisk oppmøte har blitt godt motteke. - For å vise at vi meiner alvor har vi ulike former for namneopprop. Tilbakemeldingane frå fadrane og andre eldre studentar er at fadderborna har gått litt tidlegare heim frå kveldsarrangementa i år enn tidlegare år. Grunngjevnaden har vore at dei må vere klare for det som skal skje neste dag, fortel ho.

- Forhåpentlegvis finn dei på denne måten ein god balanse mellom alt det sosiale som skjer under Førstekullsuken i regi NHHS og programmet vårt på dagtid.

På fredag kjem det mellom 40 og 50 tidlegare studentar for å gi nykomarane tilbakemeldingar på caseoppgåva dei har jobba med.

Felles løft

Heile rektoratet, store delar av Studieadministrativ avdeling og andre frå administrasjonen som Trude Gudmundset og Nina Skage, og studentar har vore med å sjaue, servere og rydde for å få dei ulike arrangementa i Velkomstveka i hamn. Vi set også pris på stor velvilje frå Sammen-gjengen i studentkantina. - Dette har vore ein skikkeleg dugnad, og vi har samarbeidd veldig godt, oppsummerer Linda. - Takk til alle som har bidratt!

Frukost òg for tilsette

- Kom og slå av ein prat og spis frukost med studentane fredag morgon klokka ti! oppmodar Linda alle tilsette. - Vi har mat nok til alle.

Tok imot dei nye studentane

– Det har neppe nokon gong vore meir interessant å studera økonomi. Gle dykk! sa rektor Øystein Thøgersen då han ønskte dei nye studentane velkomne til NHH måndag.

Velkomstveka for nye bachelorstudentar

Den første veka på NHH står ei rekkje faglege og sosiale arrangement på programmet for å gi deg ein god start på studietida. Vi byr mellom anna på gratis frukost kvar morgon, der du kan treffe dine nye medstudentar og tilsette ved NHH.

Media har skrive mykje om det nye innhaldet i Velkomstveka på NHH. Her er nokre av sakene:

Bergensavisen 15. august: NHH innførte obligatorisk frokost. Da skjedde dette

Bergens Tidende 15. august: Nå skal det være enklere for studenter å velge alkoholfritt

Dagens næringsliv 14. august: Nå må NHH-studentene møte til frokost med professorene

Fleire interne nyheiter