Oppsummeringar frå leiarmøta

- Kommunikasjon handlar vel så mykje om å lytte, seier Øystein Thøgersen.
- Kommunikasjon handlar vel så mykje om å lytte, seier Øystein Thøgersen.
Av Astri Inga Kamsvåg

14. august 2018 12:45

Oppsummeringar frå leiarmøta

No er òg oppsummeringar frå tre av leiarmøta på NHH tilgjengelege på Paraplyen: instituttleiarforum, administrativt leiarforum og utvida leiarforum.

Rektor Øystein og resten av toppleiargruppa har gjort viktige grep når det gjeld internkommunikasjon det siste året. Og det er ikkje så rart, sidan open kommunikasjon er definert som eit av kjenneteikna ved NHH-tilsette både i den førre og den nylanserte strategien.

Korleis står det til med internkommunikasjonen på NHH, synst du?

- I rektoratet har vi vore opptatt av å ha ein open og god dialog med dei tilsette, både i formelle og uformelle kanalar. Vi har allmøte for alle tilsette, vi har regelmessige leiarmøte med både vitskaplege og administrative leiarar kvar for seg og felles, og eg synst at strukturane byrjar å setje seg no, svarar Øystein.

- For at NHH skal komme dit vi treng å vere, er det heilt naudsynt at alle tilsette veit kor vi skal. Difor nyttar vi i leiinga alle høve til å fortelje om dei overordna føringane frå departementet, om strategien og om val som vi gjer undervegs. Vi er heilt avhengige av eit opent kommunikasjonsklima der tilsette føler seg delaktige og har god kjennskap til NHH-verksemda, òg på eit overordna plan. Fordi internkommunikasjon er viktig for rektoratet, omtalar vi det i siste årsrapport òg. Vi vil at departementet skal vite at interkommunikasjon er noko vi fokuserer på, seier rektor.

Videoopptak av allmøta ligg på Paraplyen, og det same gjer dagsordenar og oppsummeringar frå ei rekkje sentrale utval. I tillegg står det no i mandata til fem av utvala at ansvaret for kommunikasjon ligg til utvalsleiaren, og at informasjon om det som føregår i utvala skal bli spreidd vidare til interessentane.

- Dette var eit naturleg resultat av at vi la ned nokre utval og erstatta dei med berre eitt, nemleg Utdanningsutvalet, seier Øystein.

- Omlegginga inneber at færre tilsette er involvert i utvalsarbeid no enn tidlegare, og desto viktigare blir kommunikasjonen frå utvala.

Så kva meiner du eigentleg med kommunikasjon – kva betyr det for deg?

- Kommunikasjonen skal jo vere tovegs, altså at begge partar – om ein vil – skal uttrykke seg. Dessutan handlar kommunikasjon vel så mykje om å lytte. Leiinga er heilt avhengig av å høyre synspunkta til dei tilsette. Vi set pris på innspel og ærlige tilbakemeldingar. Vi treng å vite kva dei tilsette er opptekne av. Vi er likevel overraska over kor mykje tid vi bruker på å kommunisere med tilsette og med verda utanfor NHH. At det er verd å bruke tid på dette, er eg overtydd om, uttaler Øystein.

INTEGRERT KOMMUNIKASJON

- Etter kvart har det gått opp for meg at kommunikasjon må vere integrert i heile verksemda, i alt vi gjer. Eg ser at vi stadig kjem tilbake til det på ulike måtar, òg i samarbeidet med dei tillitsvalte, med studentrepresentantane og med omverda.

Øystein Thøgersen

No synst altså rektor at tida er moden for det neste skrittet, altså å dele skriftleg det dei tar opp i leiarmøta med resten av organisasjonen på Paraplyen. Han ser likevel ikkje for seg at alle tilsette er like interesserte i desse oppsummeringane. - For meg er det viktig at dei som vil, lett kan finne dei, seier han.

HEILSKAP I KOMMUNIKASJONEN

Å sjå dei interne kommunikasjonskanalane i samanheng, er viktig, synst Øystein. Han seier at leiinga heile tida forsøkjer å ha ein heilskap i kommunikasjonen, både ved at dei ulike leiarane fortel det same bodskapet og ved at det same bodskapet blir kommunisert i fleire kanalar, til dømes både på allmøtet og som eigne nyheitssaker på Paraplyen.

- Eg trur at både fagstab og teknisk-administrativt tilsette veit kva type stoff dei kan forvente i dei ulike kanalane. Vi bruker allmøta til overordna saker som alle må vite om, og leiarane har ansvar for å formidle informasjon frå leiarmøta til dei tilsette i einingane sine og motsett veg – frå dei tilsette og vidare inn til leiarmøta.

- På neste allmøte lovar eg at det skal bli tid til spørsmål frå salen. Det er utroleg viktig, og har heile tida vore meininga at vi kvar gong skal svare på det som tilsette vil ta opp med oss. Diverre går tida rasande fort på desse allmøta, sukkar Øystein.

LEIARMØTESIDA MED OPPSUMMERINGANE

FLEIRE INTERNE NYHEITER