Fire nye lærlingar

June Pedersen Ullestad, Elise Flåten Kvernøy, Julie Louise Knudsen og Christian Marøy Greve er de nye lærlingene på NHH.
June Pedersen Ullestad, Elise Flåten Kvernøy, Julie Louise Knudsen og Christian Marøy Greve er de nye lærlingene på NHH.
Av Astri Inga Kamsvåg

29. august 2018 13:32

Fire nye lærlingar

Denne hausten har NHH tatt inn fire nye lærlingar: June Pedersen Ullestad, Elise Flåten Kvernøy og Julie Louise Knudsen er kontorfagslærlingar, medan Christian Marøy Greve er IKT-lærling.

Sylvi Larsen på HR-avdelinga har ansvaret for lærlingane ved NHH.
Sylvi Larsen på HR-avdelinga har ansvaret for lærlingane ved NHH.

"Lærlingar er nysgjerrige, ivrige og tilfører viktig digital kompetanse", seier Sylvi Larsen på HR-avdelinga. Det er ho som har ansvar for lærlingane på NHH.

"Dei lærer fort og gir gode bidrag til administrativ og teknisk drift. Gjennom opplæringa blir vi også utfordra på om etablerte rutinar er hensiktsmessige og effektive - lærlingar har ofte gode innspill til endringar. Slik sett bidrar dei til nytenking og utvikling. Utdanning av lærlingar er eit inspirerande samfunnsoppdrag for NHH", utdjupar Sylvi.

Lærlingane 

  • June Pedersen Ullestad arbeider i HR-avdelinga/Seksjon for personaladministrasjon og organisasjonsutvikling
  • Elise Flåten Kvernøy er knytt til Studieadministrativ avdeling/Seksjon for opptak
  • Julie Louise Knutsen arbeider ved Forskningsadministrativ avdeling
  • Christian Marøy Greve er på Avdeling for styring, økonomi og drift/Seksjon for IT.

Bestått fagbrev

Stavros Wolff, IKT-lærling, og Lisa Åse, kontorfaglærling, har avlagt og bestått fagprøvene sine og arbeider ikkje lenger ved NHH. Her kan du lese tidlegare artikkel om dei:

Fire lærlinger ved NHH

NHH har tatt inn to nye kontorfagslærlinger i høst: Marte Birkeland på Forskningsadministrativ avdeling og David Instebø Vang på HR-avdelingen. Lisa Åse på HR-avdelingen og Stavros Wolff, IKT-faglærling på Seksjon for IT, har lenger fartstid.

Les meir om lærlingeordninga på nettsidene til Utdanningsdirektoratet

Flere interne nyheiter