Ny i instituttadministrasjonen SAMF

23. oktober 2017 09:14

Ny i instituttadministrasjonen SAMF

Aina Isdal Haugland har sidan april hatt eit engasjement som konsulent i administrasjonen på Institutt for samfunnsøkonomi. Fordi instituttet denne hausten har vore underbemanna, har stillinga blitt forlenga ut året.

Arbeidsoppgåvene hennar er i hovudsak administrasjon av eksamen og sensur av masteroppgåver, innkjøp, kontering, førebu medarbeidarsamtalar, administrativ støtte i valstyret på instituttet og det som elles måtte trengast.

Kva er spennande med stillinga? 

- Under mastergraden min var eg knytt til forskargruppa Kunnskap, politikk og organisering ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Forskinga der dreier seg i stor grad om kunnskapsproduksjon, og tar for seg alt frå barnehagar til sentra for framifrå forsking, og mykje dreier seg om UH-sektoren. Masteren min var ein studie av internasjonalisering og politiske endringar ved Fudan-universitet i Shanghai, og går inn på ulike teoretiske retningar for kva eit universitet skal vere og gjere.

Dette gjer at eg er særskilt interessert i UH-sektoren, så for meg er NHH ein spanande stad å vere! fortel Aina.

Bakgrunn

I tillegg til studiar ved UiB, har Aina vore på utveksling i Shanghai, og studert i Adelaide i Sør-Australia. Ho har variert erfaring frå ulike sektorar og jobba i bank under studietida, og er god på organisasjonar, kultur og problemløysing, seier ho.

Etter fullført mastergrad har ho jobba på eit treårig prosjekt i Masfjorden kommune og deretter med kartlegging av utstyrssituasjonen i vidaregåande skule for konsulentselskapet ideas2evidence.

Ansatte ved Institutt for samfunnsøkonomi

Fleire interne nyheiter