Innhaldsrike forskingsdagar

Forskningstorg
800 elevar i 6. og 7. klasse var med på Forskingstorget som i år blei arrangert på VilVite. Det var stor aktivitet ved stasjonen til NHH.

2. oktober 2017 09:21

Innhaldsrike forskingsdagar

Fleire NHH-forskarar bidrog under Forskingsdagane som blei arrangert førre veke. Forskingstorg for barneskuleelevar, debattar, føredrag og Forskar Grand Prix. Det har vore ei innhaldsrik forskingsformidlings-veke for NHH-forskarane.

BT-kommentator Hans Kristian Mjelva leia debatten på Litteraturhuset. I panelet sat Tonje Fyhn frå Uni Research, professor Karen Modesta Olsen, professor Bertil Tungodden og NHH-student Margit Abel Grape.

Tysdag var det debatt om framtidas jobb med professorane Bertil Tungodden og Karen Modesta Olsen som deltakarar. I tillegg var leiaren for NHH-Symposiet, Margit Abel Grape, og forskar Tonje Fyhn frå Uni Research med i panelet. Her vart det mellom anna diskutert kvifor så mange fell utanfor arbeidslivet og kvifor det er så få kvinner som går til topps i næringslivet.

Forskar Grand Prix
I Forskar Grand Prix kjempar ti kandidatar om å komme vidare til den nasjonale finalen. Ove Heradstveit frå Uni Research og Lina S. D. Lernevall frå Haukeland universitetssjukehus gjekk vidare til finalen.

Forskar Grand Prix

Onsdag var det klart for Forskar Grand Prix. Her får ti stipendiatar fire minutt kvar til å presentere forskinga si. To av desse går vidare til den nasjonale finalen, og det er publikum i salen og ein dommartrio som avgjer kven det blir. Det var Erlinga Risa frå Institutt for samfunnsøkonomi og FAIR-Cele som representerte NHH.

Alexander Cappelen
Alexander W. Cappelen frå Institutt for samfunnsøkonomi og FAIR-The Choice Lab føreleste om åtferdsøkonomi under Forskingsdagene UNG.

Til tross for strålande innsats gjekk han ikkje vidare til finalen. Bergensfinalen blir sendt på NRK i romjula. I den nasjonale finalen, som gjekk av stabelen i Trondheim, var det hjerneforskar Torbjørn Øygard Skodvin frå Universitetssjukehuset i Tromsø som stakk av med sigeren.

Trond Døskeland
Førsteamanuensis Trond Døskeland ved Institutt for foretaksøkonomi har vore fagleg ansvarleg for forskingsstasjonen til NHH.

Forskingstorg om sparing

Kva oppfattar folk som rettferdig og i kva grad bryr folk seg om rettferd når dei tek økonomiske val? Det var temaet for foredraget professor Alexander Cappelen under Forskingsdagane UNG. Dette er eit arrangement for vidaregåande elevar, der forskarar held korte presentasjonar om aktuell forsking.

Torsdag og fredag var det også forskingstorg for 6. og 7. klassingar. Her får elevane innblikk i noko av det som skjer på forskingsinstitusjonane i byen. Tittelen på NHH-standen var «Går du i Luksusfellen?», og det er førsteamanuensis Trond Døskeland frå institutt for foretaksøkonomi som har vore fagleg ansvarleg for standen. Her fekk dei besøkande lære om sparing.

- På stasjonen blir elevane introdusert for nokon økonomiske omgrep. Så tek vi opp dette med at dersom du sparer, så vil pengane auke. Men det krev at du gir frå deg noko no, for å få noko endå meir seinare, seier Døskeland.

- Viktig tema

På sjølve stasjonen bidrog stipendiatar frå instituttet, to studentassistentar og folk Økonomiformidlingen på NHH. Døskeland meiner det er viktig at elevane lærer om sparing.

- Det er ein trend  i samfunnet at ein skal kunne meir om økonomi. Det er viktig for å unngå at ein ikkje får ustabilitet i økonomien, ein ser jo annonsar om forbrukslån over alt. Vi ser også at det er dei som har lite frå før som får dei største problema. Det å ta opp dette spørsmålet også for born synst eg er viktig, seier Døskeland.

Fleire interne nyheiter