Utlysing Eurasia-programmet

Av Astrid Foldal

10. november 2017 14:27

Utlysing Eurasia-programmet

Har du ein ide til eit utdanningsprosjekt i samarbeid med ein eller fleire partnerar i Eurasia-regionen? SIU lyser no ut midlar til nye treårige prosjekt i Eurasia-programmet 2018–2021. Søknadsfrist: 15. desember 2017.

NHH har tidlegare fått støtte til to prosjekt i Ukraina og Georgia under leiing av professor Tina Søreide. Som ein del av desse prosjekta samarbeider studentar i masterkurset BUS452 Corruption – Incentives, Disclosure and Liability med studentar i tilsvarande kurs ved National University - Kyiv-Mohyla Academy og International School of Economics ved Tbilisi State University, der samarbeidet også omfattar ein studieekskursjon til den utanlandske partneren.

Eurasia-programmet støttar prosjekt innanfor alle fagområde med høgare utdanningsinstitusjonar i Ukraina, Moldova, Georgia, Armenia, Aserbajdsjan, Kviterussland, Kazakhstan, Kirgisistan og Tadsjikistan.

KONTAKT

Har du spørsmål, ta kontakt med seksjonsleiar for internasjonale relasjonar Astrid Foldal astrid.foldal@nhh.no eller professor Tina Søreide tina.soreide@nhh.no.

Les om ekskursjonen til Tbilisi våren 2016 her: Lærte korrupsjonsbekjempelse i Georgia (nhh.no). 

Les utlysinga på nettsida til SIU: Eurasia programme (siu.no)

FLEIRE INTERNE NYHEITER