30 år med japansk i Bergen

Av Astri Inga Kamsvåg

9. november 2017 16:41

30 år med japansk i Bergen

Laurdag 11. november 2017 feirar NHH og Universitetet i Bergen 30-årsjubileum for japanskfaga i Bergen. - I alt har 279 personar tatt eitt eller fleire japanskemne ved NHH i åra 1989-2016, fortel Kristin Rygg.

Sidan 1995 har Kristin Rygg hatt ansvaret for japanskfaget på NHH.
Sidan 1995 har Kristin Rygg hatt ansvaret for japanskfaget på NHH.

Det var i 1988 at NHH starta med undervisning i japansk. Universitetet i Bergen starta opp to år tidlegare, i 1986. 30-årsjubileet er lagt midt mellom dei to. Både på UiB og på NHH vart faget starta av professor Henry Henne som var flytande både i japansk og i kinesisk.

På UiB er japansk i dag det nest største språkfaget etter engelsk.

- Japansk valfag har aldri blitt eit stort fag på NHH, det er det vel for sært til. I vår var det 12 studentar som gjekk opp til eksamen, fortel førsteamanuensis Kristin Rygg ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Sidan 1995 har ho hatt ansvaret for japanskfaget på NHH.

I alt har 279 personar tatt eitt eller fleire japanskemne ved NHH i åra 1989-2016.

Ekspertar på Aust-Asia

Målet til Kristin har vore at det alltid skal finnast nokon som er blitt spesialistar på Aust-Asia i kvart uteksaminert NHH-kull.

- Når eg ser tilbake, ser eg at det i kvart kull har vore nokon som i dag har sentrale stillingar i handel Japan-Norge, og det er eg litt stolt over, seier ho. Til dømes jobbar dei med eksport av norsk fisk til Østen, innan shipping eller i internasjonale selskap innan andre bransjar.  

Utvekslingsavtalar

- NHH var tidleg ute og fekk utvekslingsavtaler med japanske universitet. Dette har gitt valfaget meir relevans enn før, synes eg, seier Kristin.

- No ser eg på valfagmodulane som ei førebuing til å studere vidare i Japan, og det språklege nivået blir dermed noko heilt anna enn då vi starta med japansk valfag, forklarer Kristin Rygg.

Studieturar

Kristin fortel at i løpet av desse 30 åra har NHH hatt ni ekskursjonar til Japan som del av studiet. Då har studentane fått noko som ikkje utveksling gir, nemleg kontaktar i norsk og japansk næringsliv i Japan. Ekskursjonane har vist seg å vere starten for dei som seinare har fått seg jobb i Japan, meiner Kristin.

I tillegg til japansk språk har NHH sidan 2012 utvida med eit kurs som fokuserer på japansk og kinesisk forretningskultur (FSK10).

Planar framover

No jobber Kristin med å få til internships i japanske og norske firma i Tokyo knytt til ein fagleg modul på NHH.

Fleire tidlegare studentar frå NHH bidrar i jubilieumsfeiringa på laurdag. Jubileet er støtta av NHH.

Fleire interne nyheiter