Ny på utgreiing og kvalitetssikring

23. mars 2017 12:12

Ny på utgreiing og kvalitetssikring

Brigt Ove Vaage er tilsett i ei fast stilling som seniorkonsulent i Studieadministrativ avdeling, Seksjon for utgreiiing og kvalitetssikring. Han skal mellom anna vere utvalssekretær for Programutvalet for bachelorutdanninga og for Læringsmiljøutvalet.

- Eg kjøpte meg nett ein liten eplegard i Hardanger, og å flytte til Bergen sto høgt på lista over framtidsutsikter. Denne stillinga på NHH var ein perfekt måte å gje opp bylivet i Oslo og ta turen tilbake til Vestlandet. Eg ser fram til å jobbe på NHH, fortel Brigt Ove.

KVA SKAL DU ARBEIDE MED?

- Eg skal mellom anna vere utvalsekretær for Programutvalet for bachelorutdanninga og for Læringsmiljøutvalet, rådgjevar for studentar og elles gje tilskot til utgreiingar og regelverksspørsmål i seksjonen.

Hva synes du er spennende med stillingA?

- Som utvalsekretær i Programutvalet for bachelorutdanninga blir eg deltakar i dei fleste saker rundt studiene. Det er spanande å delta i desse prosessane, og det er interessant å knytte erfaringa mi som administrativt tilsett på Universitetet i Oslo opp mot korleis de gjer ting på NHH.

- Læringsmiljøutvalet er også eit viktig utval i ein kvar studieinstitusjon og har ein sterk studentrepresentasjon som eg gler meg til å bli betre kjent med, seier han. 

Bakgrunn

Brigt Ove har jobba i ulike stillingar, men dei tre siste har han hatt på UiO der han jobba som koordinator for eit masterprogram på klinisk medisin, studieleiar på Institutt for geofag og som sentral koordinator for studiestarten.  

Han har ein cand.mag. grad i historiske fag på UiB. Han overtar stillinga etter Hanna Sæthre som no har slutta på NHH.

 Flere interne nyheter