Beredskap på reiser

Av Sigbjørn Råsberg

23. mars 2017 14:32

(oppdatert: 23. mars 2017 14:52)

Beredskap på reiser

I samband med terrorhendinga i London minner NHH alle tilsette om viktigheita av å kjøpe reiser og overnatting gjennom Berg-Hansen som vi har ei rammeavtale med. Då blir både du som er på reise og arbeidsgjevar varsla.

Når denne typen hendingar skjer, vert du som er på reise varsla av Berg-Hansen når reisa er bestilt gjennom dei. Det same gjeld ved naturkatastrofar, streikar, hotellbrann ol.

I tillegg til å varsla og bistå den reisande med ombooking og så vidare, vert NHH aktivt varsla viss situasjonen tilseier at dette er naudsynt. Slikt varsel om, og oversikt over, kvar NHH sine tilsette er på reise er avgjerande for å sikra god beredskap når tilsette opplever denne typen hendingar i inn- eller utland.

Alle tilsette på NHH får automatisk oppretta brukarkonto hjå Berg-Hansen og pålogging skjer utan brukarnamn og passord så lengje du er på NHH-nett når du går via lenkja i den venstre margen på forsida av Paraplyen. 

Her finn du oversikta over kven vi har rammeavtaler med

Fleire interne nyheiter