Tilgang til heile DN

Av Sigbjørn Råsberg

2. mai 2017 09:22

(oppdatert: 2. mai 2017 09:33)

Tilgang til heile DN

NHH har inngått ein avtale med Dagens Næringsliv (DN) som gir alle tilsette på NHH elektronisk tilgang til avisa så lengje du er på NHH-nett. Når du er logga på maskina på NHH, får du full tilgang til alle DN sine artiklar.

Du får tilgang når du er logga på maskina på NHH, eller via Pulse Secure frå andre stader og plattformer.

Det einaste du må gjera er å registrera deg på www.dn.no/bedriftsregistrering. Det er nhh-epostadressa du må registrere deg med. Etter dette må du aktivt logga deg på med passord og brukarnamn på kvar eining du skal nytta (PC, mobil, nettbrett ol.).

Innlogging

Innlogging skjer på www.dn.no – der vil du finna ein knapp oppe til høgre der du kan trykkja for å logga deg på. Når du har gjort dette, har du tilgang til alle artiklar utan seinare pålogging så lengje du er på NHH-IP og ikkje aktivt loggar deg av. Viss du er utanfor NHH, må du logga deg på NHH-nett med Pulse Secure før du vil få tilgang til artiklane.

Avtalen er ei prøveordning som gjeld fram til nyttår. Intensjonen er likevel å gjera avtalen permanent. NHH har difor sikra seg opsjon på ei permanent løysing.

På lengre sikt er tanken at IP-tilgang skal redusera talet papiraviser på NHH, samstundes som at det vil gje alle tilsette tilgang til ein viktig kanal for nyhende og formidling. 

Fleire interne nyheiter