- Erik er ein ekte NHH-ar!

Erik Lundberg foran nybygget i 2013.
Erik Lundberg foran nybygget i 2013.
Av Astri Inga Kamsvåg

10. januar 2017 08:45

(oppdatert: 10. januar 2017 09:15)

- Erik er ein ekte NHH-ar!

Erik Lundberg har spelt ei sentral rolle på NHH i løpet av dei 36 åra han har arbeidd i administrasjonen. No har han valt å bli pensjonist. Avgangen blei markert i Stupet fredag 6. januar 2017 med pomp og prakt, tradisjonen tru.

Erik som nyslått pensjonist.
Erik som nyslått pensjonist.
Erik i kjent positur.
Erik i kjent positur.

- Erik er ein ekte NHHar fordi han brenn for NHH og for studentane, forklarer NHHs driftsleiar, Atle Askeland. Atle har arva jobben til Erik som leiar for Seksjon for eigedomsforvaltning som ligg under Avdeling for styring, økonomi og drift.

Løysingsorientert og omsorgsfull

- Erik har vore ein veldig okay sjef fordi han både ser og lyttar, fortset Atle. Han  skildrar Erik som ein som arbeider i det skjulte og korkje framhevar seg sjølv eller det han utrettar. Erik har alltid fokus på å finne gode løysingar til beste for NHH og studentane.

Ein annan som kjenner Erik godt, er økonomisjef Klas Rønning. Han skildrar han slik: - Erik er ein pillar. Noko av det eg set høgst hos han, er roa hans. Erik beheld roa uansett kva som hender, og det har komme godt med mang ein gong. Ein annan eigenskap som pregar Erik, er endringskapasiteten hans. Han har vore med og utvikla ulike sider av administrasjonen på NHH, og har vore gjennom ei rekkje omstillingar. I tillegg til å være ein dyktig fagperson, har Erik vore opptatt av å ta vare på dei han har hatt rundt seg og være oppmerksam og omsorgsfull.

siviløkonomar

Det var på slutten av søttitalet at NHH bestemte seg for å tilsette siviløkonomar i administrasjonen for ‘å profesjonalisere han’, som dei sa. Det var Nils Netteland, Fred Furnes, Kurt Pettersen, John Andersen og Erik.

- Administrasjonen på NHH var liten den gongen, vi hadde stor påverknad og det var lett å gjennomføre det vi såg måtte gjerast. Dette var ei kjekk tid fordi vi hadde stort alburom, utdjupar Erik.

Filosofien dei jobba etter var enkel:
1. Dei avdekte noko som ikkje fungerte.
2. Dei ordna det.

- Eg hugsar godt rekneskapssystemet NHH brukte då eg byrja her. Det besto av enkeltvise kontoark. Det var vi raske med å avvikle då datateknologien kom. Vi skjønte raskt at det var her framtida låg.

Bygg og ekspansjon

Jubilanten som ble 66 år i vinter, er fatta og roleg, nett slik som Klas beskriv han. Erik fortel om den første tida si her ute i Sandviken. Han starta om student, frå 1971 til ’78. Sidan han jobba deltid i ei møbelbedrift samstundes, tok han studia på langs.

I 1980 fekk Erik jobb i administrasjonen som konsulent for direktør Koester. Han blei tilsett for å arbeide med innkjøp i det offentlege, først i eit vikariat, og så i ei fast stilling. Dette var på den tida NHH skulle ta i bruk større delar av Merinobygget, og mykje skulle planleggast då NHH tok i bruk dei første 1.500 kvadratmetrane. Det var Skipsfartsøkonomisk institutt som var dei første inn der.

- Det har heile tida dukka opp nye interessante ting å ta tak i.

Erik Lundberg

Etter kvart trengte NHH meir plass, og etter nokre år disponerte NHH så å seie heile bygget på 15.000 kvadratmeter, fortel han.  

Og så var det Servicebygget dei skulle prosjektere, bygge og innreie. Og Nybygget. Og Jebsen-senteret. Det dukka heile tida dukka opp nye bygg, nye utfordringar og nye romkabalar som skulle leggast. Det er ikkje tvil om at Erik har hatt ansvar for viktige prosessar, komplekse byggeprosjekt og store summar. - Det har heile tida dukka opp nye interessante ting å ta tak i, reflekterer han nøkternt.

Utover på 1980- og nittitalet jobba Erik mykje med økonomi og budsjett, og han var økonomisjef i eit par periodar i nittiåra.

Det er særleg eit par hendingar han hugsar godt. Den eine var i 1996 då departementet bestemte at det skulle eksterne styremedlem inn i styra til universiteta og høgskulane. Dette vakte motstand på NHH, fortel han. Han var sjølv styremedlem på denne tida, og også han var skeptisk til dette påfunnet. I ettertid ser han at det har vore eit godt tiltak. 

Den andre revolusjonerande hendinga han trekk fram er overgangen frå skrivemaskin med rettetast og fleire gjennomslag, til datamaskina. - Heilt fram til tidleg på nittitalet hadde vi eit tekstsenter på NHH, der fem-seks menneske – kvinner alle saman – satt og skreiv på maskin for forskarane. På folkemunne internt blei Tekstsenteret til ‘Sexsenteret’. Vi la ikkje meir i det enn at det var eit godt rim. I dag hadde det vore uhøyrt.

Det første teksthandsamingssystemet på NHH het Esselte. Det var på ingen måte eit godt system og var eit slit å jobbe med, men at det var betre enn å skrive på maskin var alle samde om.

Etter kvart som dei tekniske hjelpemidla blei betre, skulle forskarane skrive sjølv. Ikkje alle var like interesserte i det, kan skjønne. Dei var godt vant med å ha skrivarar.

Eit heilt yrkesliv

Då Erik var ferdig utdanna, arbeidde han fulltid med økonomi i møbelbedrifta der han hadde jobba som student. Bedrifta gjekk konkurs.

– Sidan eg opplevde ein konkurs så tidleg i yrkeslivet, har eg nok sett ekstra pris på dei trygge tilhøva i staten. Eg trur nok dette er éin av grunnane til at eg valte å bli på NHH. Men det viktigaste er at eg heile vegen har hatt interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.

Framtida

No ventar pensjonistlivet på Erik. Han ser fram til å tilbringe meir tid på hytta på Sandøya utanfor Tvedestrand, og i den 29 fot store motorbåten HERLI (som er sett saman av dei første bokstavane i namna til sonen Henrik, Erik sjølv og kona Liv) og med den knapt eit år gamle hunden Pepé.

Fleire interne nyheiter