Statsbudsjettet 2017

7. oktober 2016 08:25

(oppdatert: 7. oktober 2016 08:35)

Statsbudsjettet 2017

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2017 som finansminister Siv Jensen la fram i går, får NHH ca. 438 millionar kroner mot 421 millioner kroner i inneverande år.

8,2 millioner av det auka budsjettet gis om kompensasjon for pris- og lønnsauke. Den resterande auka på ca 12 millionar kroner er resultatet av at NHH har auka produksjonen og kjem godt ut av den nye finansieringsmodellen for universitet- og høgskulesektoren.

- Vi var spente på budsjettforslaget i år på grunn av den nye finansieringsmodellen som legg meir vekt på resultat, seier rektor Frøystein Gjesdal. – Vi kjem godt ut i forslaget som no ligg på bordet. I forhold til størrelsen ser det ut som NHH er den institusjonen som kjem aller best ut.

Resultatbasert finansieringssystem

Det nye finansieringssystemet for UH-sektoren består framleis av ein basisdel og ein resultatbasert del. Den resultatbaserte delen aukast med 300 millionar kroner for sektoren som flyttast frå basisdelen. I tillegg endrast talet resultatindikatorar frå seks til åtte.

Endringane skal stimulere institusjonane til å arbeide meir med kvalitet i utdanning og forsking, og til å auke studiestadanes samarbeid med samfunns- og arbeidsliv.

Resultata er rekna ut frå snittet for åra 2013, 2014 og 2015 der dei føreligg.

Indikator NHH gjennomsnitt siste tre år
studiepoeng

1414 poeng på master

1189 poeng på bachelor

kandidatar

730 kandidatar med mastergrad i 2015

391 kandidatar med bachelorgrad i 2015

utveksling 858 inn- og utreisande studentar i 2015
doktorgradskandidatar 13 kandidatar
EU 689.000 kr
Noregs Forskingsråd og regionale forskingsfond 18.071.000 kr
publiseringspoeng 238 poeng
bidrags- og oppdragsinntekter 21.995.000 kr

I 2017 utgjør basisdelen for NHH ca 272 millionar kroner, mens dei resultatbaserte midlane utgjer ca 166 millionar kroner.

 NHH får 6,4 millionar kroner meir i 2017 med det nye finansieringssystemet. Full effekt av de nye systemet slår inn først i budsjettet for 2018 sidan det innførast over ein toårsperiode.

Reduksjon

NHH sitt budsjett blir redusert med ca 2 millionar kroner knytt til redusert byråkrati og effektivisering av offentlig sektor og med 471.000 kroner som følge av overgang til digitalisering. NHH får ikkje midlar til nye rekrutteringsstillingar neste år.

Kunnskapsdepartementet inviterte for fyste gong heile UH-sektoren til Oslo same føremiddag som statsbudsjettet blei lagt fram. Administrerende direktør Nina Skage deltok frå NHH da budsjettet blei presentert. 

Les tidlegare artikkel på Paraplyen (februar 2015): Støttar hovudtrekka i finansieringsforslag

Forslag til statsbudsjett på statsbudsjettet.no

Fleire interne nyheiter