Startar talentprogram i forskingsformidling

14. august 2016 10:56

Startar talentprogram i forskingsformidling

NHH startar frå hausten eit eige formidlingsprogram for forskarar. Gjennom bruk av anerkjende kurshaldarar og tett oppfølging er målet å få fram nye aktive formidlarar frå NHH.

Programmet vil gå over to semester med totalt sju samlingar. Totalt er det seks forskarar som får vere med på dette opplegget.

– NHH treng å få fram nye stemmer, og gjennom dette opplegget håpar vi å byggje nye profilar som kan vere med å prege samfunnsdebatten. Vi håpar så mange forskarar som muleg ønskjer å vere med, for dette er eit unikt tilbod, seier viserektor for forsking, Helge Thorbjørnsen.

Fokus på praktiske øvingar

På samlingane blir det ein kombinasjon av teori og praktiske øvingar, men hovudfokuset blir på det sistnemnde. Kurset blir halde på norsk.

– Mange forskarar vegrar seg for å formidle forskinga si fordi dei opplever møtet med journalister som skummelt. Målet med dette programmet er å gjere forskarane tryggare i slike situasjonar, og dermed at meir av forskinga når ut i samfunnet, seier kommunikasjonssjef Kristin Risvand Mo.

Her er ein kortversjon av programmet – meir informasjon om programmet finn du nedst i artikkelen.

  • Oktober: NHH-professor Victor Norman kjem for å fortelje om sine erfaringar som aktiv formidlar og deler tips om møtet med journalistar. AFF-konsulent Anders Dahl innleiar om motivasjon og målsettingar, og skal hjelpe deltakarane med å sette seg mål for formidlingsarbeidet.
  • November: Medietrening med PR-byrå. Tema er intervjuteknikk, råd i intervjusituasjon og gjennomføring av TV-intervju. Fokus på praktiske øvingar.
  • Desember: Slik får du kronikken din på trykk. Kronikkurs med Trygve Aas-Olsen frå Institutt for journalistikk.
  • Januar: Kurs i presentasjonsteknikk med Siri-Lill Mannes og Arne Møller.
  • Februar: Kurs i sosiale mediar.
  • Mars: Kurs i debatteknikk. Innføring i korleis ein opptrer i debattar i TV og radio. Praktiske øvingar der debattane blir filma og evaluert i plenum. 
  • April: Avslutning med AFF-konsulent Anders Dahl der deltakarane gjer opp status og får hjelp til å sette seg nye mål for formidlingsarbeidet.

Slik søker du

For å bli med på programmet må du sende ein kort søknad med CV innan 1. august. Søknad sendast til oyvind.torvund@nhh.no. I søknaden må ein skrive litt om motivasjonen for å bli med og kva ein ønskjer å få ut av å vere med på programmet.

– Dei som søkjer må ha høge faglege ambisjonar og eit sterkt ønskje om å engasjere fleire også utanfor akademia med forskinga. Dei som er relativt tidleg i forskarkarriera vil bli prioritert, seier Risvand Mo.

For spørsmål om opplegget, kontakt Øyvind Torvund på Kommunikasjonsavdelinga.

Les meir om programmet her (PDF, 0.3mb).

Flere interne nyheter