Mobilitet utanfor Europa

Av Astri Inga Kamsvåg

20. juni 2016 09:29

(oppdatert: 20. juni 2016 09:48)

Mobilitet utanfor Europa

Senter for internasjonalisering av utdanning har innvilga begge søknadane frå NHH i årets søknadsrunde om økonomisk støtte til mobilitet.

Prorektor Sunniva Whittaker

Dette betyr at vi for første gong vil kunne gi Erasmus+stipend til inn- og utreisande studentar og tilsette utanfor Europa, såkalla global mobilitet.

Til saman har NHH fått tildelt 45 985 euro. NHH scora 95 av 100 poeng på begge søknadane som er den høgaste poengsummen av alle dei norske institusjonane som søkte.

- Vi har fått støtte til to ulike mobilitetsprosjekt med institusjonar i Russland og i Kina. Dette er dei regionane som flest søkte på, så vi er veldig nøgde, seier Astrid Foldal, konstituert leiar ved Seksjon for utveksling og internasjonalisering.

- NHH har ein ubalanse mellom talet på studentar som kjem på utveksling til NHH, og våre eigne studentar som dreg ut, seier prorektor Sunniva Whittaker.

- Det er mange fleire som reiser ut. Vi ønsker å bruke desse nye tildelingane til å motivere fleire studentar på gode utdanningsinstitusjonar i utlandet til å komme til NHH. Dette er i tråd med NHH si strategiske satsing på internasjonalisering.

Erasmus+

- Ansatte ved høyere utdanningsinstitusjoner eller bedrifter kan få støtte til undervisnings- eller opplæringsopphold ved et universitet eller en høgskole.

- Studenter kan få støtte til utenlandsopphold som en integrert del av utdanningen sin. Studieoppholdet kan inngå på alle studienivå (bachelor, master og ph.d.). Praksismobilitet for studenter til og fra partnerland først er aktuelt fra 2017.

- Studenter og ansatte kan få støtte til studie- eller undervisningsopphold i partnerland utenfor EU gjennom Erasmus+. På samme måte kan studenter og ansatte fra partnerland utenfor EU få støtte til opphold ved norske institusjoner eller bedrifter.

Les meir om global mobilitet på nettsida til Senter for internasjonalisering av utdanning

- Equis var òg oppteken av dette i tilbakemeldinga si i samband med reakkrediteringa som vi nettopp har vore gjennom, seier Sunniva.

Mobilitetsaktivitetane i denne runden skal gjennomførast innan avslutninga av vårsemesteret 2018.

Tilsett- og  studentmobilitet med Russland

NHH sin samarbeidspartnar i Russland er National Research University, Higher School of Economics (HSE) i Moskva. Det nye mobilitetsprosjektet handlar om internasjonal business, og gjeld utveksling både av tilsette og studentar.

- Både NHH og National Research University tilbyr eit toårig masterprogram på engelsk i international business. No skal vi spisse utvekslingsavtala vi allereie har slik at ho dreiar seg om denne masterprofilen, seier Astrid Foldal. Ho fortel at det russiske universitetet har eit opplegg med tett kontakt med næringslivet, medan studieprogrammet hos oss er meir teoretisk. Her kan begge partar bli inspirerte av kvarandre.

Midlane frå Erasmus+ Global Mobility vil kunne gjere det mogleg for NHH å:

  • styrke samarbeidet med akademisk anerkjente institusjonar og utveksle talentfulle studentar i eit geografisk satsingsområde
  • auke talet russiske studentar på master- og PhD-programma
  • å gi studentar og tilsette ved begge institusjonane høve til å lære av samarbeidsinstitusjonens vinkling på studieprogrammet

Studentutveksling med Kina

Prosjektet vi har fått innvilga midlar til i Kina dreier seg om studentmobilitet.

NHH har allereie ei utvekslingsavtale med Antai College of Economics and Management (ACEM) ved  Shanghai Jiao Tong-universitet i Kina. Tildelingane frå SIU vil gjere det mogleg for oss å:

  • utvikle eit dobbelgradsprogram med ACEM på masterprofilen Energi, Natural Resources and the Environment
  • få fleire studentar frå ACEM på utveksling til NHH (sidan 2013 har fem NHH-studentar vore på utveksling på ACEM, og to studentar derifrå var på NHH vårsemesteret 2016)
  • bli den einaste utdanningsinstitusjonen i Skandinavia som ACEM har dobbelgrad.

Kontakt

Sunniva Whittaker (epost)

Astrid Foldal (epost)

Fleire interne nyheiter