NHHs framtidige leiingsmodell

Av Astri Inga Kamsvåg

5. februar 2016 09:57

(oppdatert: 16. mars 2016 10:00)

NHHs framtidige leiingsmodell

Skal NHH også i framtida ha todelt leiing med vald rektor som òg er styreleiar, og ein tilsett direktør? Eller er det betre at rektor er tilsett og at styreleiaren er ekstern?

Dekan for masterutdanninga, professor Jan I. Haaland ved Institutt for samfunnsøkonomi, leiar utvalet.

Dette skal det nyoppnevnte utvalet undersøke.

I desember 2015 sette NHH-styret ned ei arbeidsgruppe for å vurdere egna framtidig leiingsmodell. Mandatet deira er å greie ut fordelar og ulemper for NHH i dei to leiingsmodellane og tilrå den beste modellen for NHH. Utvalet skal òg foreslå ei prosedyre for val/tilsetting av rektor etter dei to modellane. Utvalet står fritt til å hente inn synspunkt internt og eksternt.

Professor Jan I. Haaland, dekan for masterutdanninga og tidlegare NHH-rektor, leiar utvalet.

- Utredninga skal føreligge seinast 30. april 2016 slik at det vil være tid til ein intern høyringsprosess før styret fattar vedtak på møtet 9. juni 2016, seier han.

- Som ein del av arbeidet med utredninga, kjem vi til å hente inn synspunkt frå relevante grupper her på NHH, legg Haaland til.

Vi er sjølvsagt òg opne for innspel frå alle som har noko på hjartet i denne saka. Send meg gjerne innspel på epost, oppfordrar han.

Jan I. Haaland

De to leiingsmodellane

Det er som kjent to leiingsmodellar som er tillatt etter Universitets- og høgskolelova.

Den eine modellen har vald rektor som er fagleg leiar og samstundes styreleiar.

Administrerande direktør blir tilsett av styret og er administrativ leiar. Denne modellen har altså delt leiarskap. Dette er den leiingsmodellen NHH har og alltid tidlegare har hatt.

Den andre modellen har ekstern styreleiar utpeikt av Kunnskapsdepartementet. I denne modellen tilset styret rektor. Då blir rektor fagleg og administrativ leiar. Organisasjonen elles er ikkje lovbestemt.

Det er NHH sitt styre som vel modell. Slik lova er i dag krev endring av modell åtte stemmer i styret (av 11).

Endring av normalmodell

Det føreligg no eit forslag frå regjeringa til Stortinget om å endre leiingsmodellen for UH-sektoren. Forslaget går ut på at institusjonane fremdeles kan velje mellom de to modellane, men at normalmodellen blir endra til tilsett rektor og ekstern styreleiar. Den andre sentrale i forslaget er at avgjerda berre skal kreve simpelt fleirtal i styret.

- NHH har vurdert leiingsmodellen sin kvart fjerde år sidan tidleg på 2000-talet, i forkant av rektorvala, fortel Haaland. Ei eventuell endring vil kunne finne stad når inneverande valperiode går ut 31. juli 2017.

Utvalet si samansetting

Arne Hyttnes, eksternt styremedlem
Mette Bjørndal, professor og internt styremedlem
Jan I. Haaland, professor og dekan for masterutdanninga ved NHH (leiar)
Linda Rud, leiar Forskingsadministrativ avdeling ved NHH
Nikolai Belsvik, student og leiar av fagutvalet i Studentforeininga

fleire interne nyheiter