Finansministeren til NHH

23. august 2016 09:10

(oppdatert: 23. august 2016 10:01)

Finansministeren til NHH

Regjeringa arbeider med ei ny perspektivmelding og tysdag 13. september vitjar finansminister Siv Jensen (Frp) NHH for å få innspel frå forskarar og næringslivsaktørar. Hovudtema for seminaret er korleis norsk økonomi skal møta lågare oljepris.

Seminaret vert arrangert av Finansdepartementet i samarbeid med NHH og Bergens Næringsråd.

Arrangementet er ope for alle interesserte, men det er avgrensa med plass, og ein må derfor melda seg på.

Fleire interne nyheiter