Retningslinjer for ansvarleg åtferd

Av Astri Inga Kamsvåg

29. mars 2016 11:36

(oppdatert: 29. mars 2016 11:44)

Retningslinjer for ansvarleg åtferd

Dei nylaga retningslinjene har tittelen «Ansvarlig atferd. Verdier og etiske retningslinjer for ansatte ved Norges Handelshøyskole».

Gunnar E. Christensen, viserektor for fagressurser (foto: Helge Skodvin)

I april 2015 diskuterte styret dei eksisterande reglane og retningslinjene for åtferd som NHH har. Styret ønskte ei oversikt over dei retningslinjene for ‘code of conduct’ som NHH allereie hadde og ei oppdatering av dei.

Gunnar E. Christensen, viserektor for fagressursar, har leia arbeidsgruppa som har utarbeidd retningslinjene.

Kva har arbeidsgruppa kome fram til?

- Arbeidsgruppa valde å lage eit overbyggande dokument som samlar eksisterande, justerte og nye retningslinjer under éin felles paraply, fortel Christensen.

Dei nye retningslinjene skildrar NHH sine mål, visjonar og verdiar. I tillegg inneheld dei sentrale aspekt ved NHH sitt samfunnsansvar, ønska åtferd og omdømme. Alle desse aspekta heng tett saman.

Christensen forklarer: - NHH sine etiske retningslinjer og verdiane engasjert, open og ambisiøs er styrande for korleis vi forvaltar samfunnsansvaret vårt og det kollegiale ansvaret som kvar og ein av oss har. NHH sitt omdømme og ry blir påverka av dette.

Kva legg NHH i omgrepet ‘ansvarleg åtferd’?

- Det vi ønsker er at alle NHH-tilsette har et bevisst forhold til spørsmål om forskingsetikk, sidegjeremål, varsling av kritikkverdige forhold, gåver i tenesta, kollegialt ansvar mellom enkeltpersonar, og samfunnsansvar. På nokre område gir det nye dokumentet vårt klare og udiskutable svar, på andre ikkje. «Ansvarleg åtferd» oppmodar til etisk refleksjon hos den enkelte, seier viserektoren.

"Ansvarleg åtferd" oppmodar til etisk refleksjon hos den enkelte.

Gunnar E. Christensen

Kvifor har NHH utarbeidd desse retningslinjene?

- Hovudformålet er å framstille NHH sine verdiar, etiske retningslinjer og konsekvensane desse skal ha for åtferda vår i eit tydeleg og kortfatta dokument, seier prosjektsjef Anne Line Grepne som òg har vore med i arbeidsgruppa.

Ho legg til: - Mykje av materialet har vi allereie hatt på plass ei stund, men kjennskapen og tilgangen har variert. No har vi samla generelle etiske retningslinjer for statstenesta samt våre eigne verdiar og etiske retningslinjer under éin felles paraply.

Ho fortel at retningslinjene har sirkulert i NHH-miljøet, både på fagleg og administrativ side, og har mottatt brei støtte.

Korleis ser NHH for seg å bruke retningslinjene?

Gunnar E. Christensen svarar: - Vi skal bruke dei som kjelder i diskusjonar om etiske dilemma, som grunnlag for refleksjon, som støtte ved konsultasjon og som hjelp til å ta riktige val.

Alle tilsette skal gjere seg kjent med dokumentet. I løpet av dei neste månadane skal alle leiarar gå gjennom dokumentet med dei tilsette i eiga eining. NHH forventar at alle tilsette kjenner og etterlever dei etiske retningslinjene. Dette er viktig òg for at NHH skal bevare og vidareutvikle det gode omdømmet sitt.

Åtferd på tvers av innhaldet i «Ansvarlig atferd» og relaterte retningslinjer og reglement vil kunne få personalmessige konsekvensar.

Retningslinjene gjeld både fast og midlertidig tilsette ved NHH.

Kvifor skal tilsette registrere sidegjeremåla sine?

I samband med utarbeidinga av retningslinjer for ansvarleg åtferd, har NHH laga retningslinjer for sidegjeremål.

- Hensikta med desse retningslinjene er å førebygge interessekonfliktar mellom sidegjeremåla til dei tilsette og NHH sine interesser og for å verne om tilsette sin tillit og integritet. Den enkelte tilsette må utvise høg etisk bevisstheit ved vurderinga av sidegjeremålsaktivitetar, seier Gunnar E. Christensen.

Alle tilsette ved NHH er no i gang med å registrere sidegjeremåla sine i eit nytt, sentralt register som skal være offentleg tilgjengeleg.

Arbeidsgruppa

- Gunnar E. Christensen (viserektor for fagressursar)
- Elise Kongsvik (juridisk rådgivar og assisterande HR-sjef))
- Sigrid Lise Nonås (førsteamanuensis ved Institutt for føretaksøkonomi og tillitsvalt)
- Anne Line Grepne (prosjektsjef)

Les meir

Etikk og ansvarlig åtferd. Verdier og etiske retningslinjer for ansatte ved Norges Handelshøyskole (nhh.no)

flere interne nyheter