Engage for bachelorstudentar
Bachelorstudentar har høve til å delta i Engage.EU ved å ta kurs eller modular, eller å delta på Engage sin sommarskule. Via Engage kan bachelorstudentar møta andre studentar frå heile Europa, få fagleg kunnskap, og opna auga for nye perspektiv og kulturar.
Online Exchange Initiative
Engage Online Exchange gjev bachelorstudentar ved NHH høve til å ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet digitalt. Du vil få delta i eit virtuelt og internasjonalt klasserom, og få høve til å tileigna internasjonal kompetanse og nye idear med andre europeiske studentar.
Bachelorstudentar som ikkje har dratt på utveksling i bachelorstudiet, eller som vil ta ekstra valfag utanom NHH, kan søkja om å ta fag via Engage. Du kan søkja om å ta kurs ved eit eller fleire universitet innanfor Engage-nettverket samstundes. Du kan få opp til 30 ECTS innpassa i graden din, eller ta valfag ved sida av faga ved NHH.
Du søkjer direkte til kvar skule før søknadsfristen kvart halvår, og søkjer til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av fag på utveksling som vanleg.
Les meir om Online Exchange Initiative
Engage.EU Summer School
Bachelorstudentar kan delta i det årlege Engage.EU Summer School. I juli 2022 vil sommarskulen vera ved LUISS i Roma, og temaet vil vera "Digitalization and Challenges for European Society". Sommarskulen fylgjer eit intenst program med førelesingar av professorar og førelesarar frå leiande europeiske universitet innanfor handel, økonomi og samfunnsfag. Sommarskulen har som mål å gje studentane ny kunnskap og "soft skills" dei kan nytta i graden sin heime. Programmet i 2022 vil handla om det økonomiske, sosiale, politiske og regulerande aspekta av digitale endringar i Europa. I tillegg til kursarbeid og førelesingar, vil deltakarane ha sjansen til å delta i organiserte dagsturar og utflukter rundt i Roma. Du kan lesa meir om kursa i brosjyren.
Sommarskulen kostar 100 euro per person, med kost og losji inkludert i prisen. Når du er ferdig med sommarskulen, kan du søkja om å få 4 ECTS innpassa i graden din. Frist for å søkja er 15. april 2022, og du må søkja direkte på Engage.EU si offisielle nettside.
Les meir om Engage.EU Summer School
International Summer School
Fleire Engage.EU universitet tilbyr i tillegg eigne sommarskular. I 2022 tilbyr WU i Wien kurs i internasjonal handel, med fleire dagsturar og utflukter i Wien inkludert. Frist for å søkja er 31. mars.
Les meir om International Summer School
Active Community Challenge
Ver med på Engage sin fyrste sportskonkurranse! Kvart Engage-universitet stiller opp med éit lag. Laga konkurrerer mot kvarandre i basketball, fotball og styrketrening.
Online Exchange InitiatIVE
Engage.EU gjev studentar høve til å få internasjonal erfaring utan å reisa heimafrå. Studentar kan ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 95 33
- E-post
- Hilde.Hognaland@nhh.no
Engage.EU Summer School
Kvart år arrangerer Engage.EU sommarskule ved eit av medlemsuniversiteteta. I 2022 vert sommarskulen arrangert av LUISS i Roma, Italia. Les meir i brosjyren.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 96 88
- E-post
- Astrid.Foldal@nhh.no