Nobelprisvinnar blir æresdoktor

Bengt R. Holmström
Saman med Oliver Hart vart Bengt R. Holmström i 2016 tildelt Sveriges Riksbanks pris i økonomi til minne om Alfred Nobel, ofte omtalt som nobelprisen i økonomi. Foto: Bryce Vicmark.

Nobelprisvinnar blir æresdoktor

Nobelprisvinnar i økonomi, Bengt R. Holmström, og tidlegare Obama-rådgjevar Sandra E. Black er to av i alt fem professorar som er utnemnt til nye æresdoktorar på NHH.

– Dette er fem framifrå forskarar som er viktige samarbeidspartnarar og inspirasjonskjelder for NHH, seier rektor Frøystein Gjesdal. Æresdoktorat blir tildelt basert på vitskapeleg innsats til personar som er viktige for institusjonen.

Æresdoktorane

Dette er bakgrunnen til dei fem forskarane:

  • Anna Mauranen er professor ved University of Helsinki. Forskingsinteressene hennar er primært engelsk som lingua franca (ELF), korpuslingvistikk og talespråk. Ho har også publisert innan tema som kontrastiv retorikk, omsetting og akademisk diskurs.
  •  Bengt Holmstrøm er professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA. Saman med Oliver Hart vart han i 2016 tildelt Sveriges Riksbanks pris i økonomi til minne om Alfred Nobel, ofte omtalt som nobelprisen i økonomi. Han er spesielt kjent for forsking innan kontraktsteori og insentiv.
  • Bernt Øksendal er professor ved Universitetet i Oslo. Han er ein leiande forskar innan stokastisk analyse som mellom anna er viktig innan finansfaget. Han har publisert over 200 vitskapelege artiklar og fem bøker i emnet, noko som har gjort han til Noregs mest siterte matematikar.
  • Roland T. Rust er professor ved Robert H. Smith School of Business ved University of Maryland. Forskingsinteressene hans strekkjer seg over dei fleste områder av marknadsføring, inkludert tenesteinnovasjon.
  • Sandra E. Black er professor ved University of Texas at Austin og blir frå august tilknytt NHHs nye Senter for framifrå forsking, FAIR. Ho forskar på arbeidslivs- og utdanningsøkonomi. Frå august 2015 til januar 2017 var ho medlem av president Barack Obama sitt økonomiråd.

Æresdoktorane blir offisielt utnemnt 9. juni, då NHH arrangerer jubileum i samband med at det er 100 år sidan stortingsvedtaket om opprettinga av NHH.

NHH har ved jubilea i 1986, 1996 og 2011 utnemnt totalt 19 æresdoktorar. Her kan du lese meir om dei.

Fleire nyheiter frå NHH

Publisert: 12. mai 2017 08:11, oppdatert: 12. mai 2017 09:15