Thorburn heidra av masterstudentane

NHH Av Hallvard Lyssand

24. juni 2015 19:28

(oppdatert: 24. april 2016 20:47)

Thorburn heidra av masterstudentane

Professor Karin S. Thorburn frå Institutt for finans er tildelt «Masterstudentenes pris for fremragende innsats» for studieåret 2014/2015.

- Eg vil gjerne takka studentane og Fagutvalget for at dei har villa gje merksemd til min, i norsk samanheng, ukonvensjonelle undervisningsstil, seier professor Karin Thorburn ved Insititutt for finans.

Det er Fagutvalet i NHHS som tildeler prisen på basis av nominasjonar frå studentane. Årets prisvinnar vart kunngjort i samband med avslutningsmarkeringa for masterstudentane sist fredag.

Karin S. Thorburn fekk prisen for innsatsen i kurset Mergers & Acquisitions.

«Karin har utmerka seg som ein svært dyktig professor med sterk fagleg kompetanse, og evner å engasjera studentane gjennom inkluderande tovegs kommunikasjon og djuptgåande diskusjonar av cases innan M&A,» heiter det i grunngjevinga frå Fagutvalet.

«Ved bruk av casemetoden og eigen relevant forsking og kunnskap har ho gjeve studentane brei kompetanse innan både kvalitative og kvantitative aspekt ved oppkjøp og fusjonar. Ho kombinerer verkelegheitsnære case med relevante førelesingar rundt teori, og har dermed gjort faget svært spennande og praktiske retta, til stort engasjement frå studentane,» heiter det vidare.

"Eg tykkjer Karin er ein verdig kandidat som tør å utfordra studentane sine og som utviklar undervisinga si i heilt riktig retning. Jeg håpar mange lar seg inspirera,» seier fagpolitisk ansvarleg i NHHS, Kaja Karinsdatter Toset.

Betyr mykje

- Det betyr veldig mykje for meg å få prisen. Eg vart faktiskt overraska over kor glad og stolt eg var då eg fekk høyra det, seier Thorburn.

- Eg blir svært engasjert studentane mine og i konversasjonane som føregår i klasserommet - både mellom klassen og meg, og mellom kursdeltakarane. For meg symboliserar prisen at den konversasjonen betyr like mykje for studentane som for meg - og det er sterkt, held ho fram.

- Eg trur at det å læra seg noko krevjer engasjement. Når eg lukkast med å motivera studentane til å lesa og jobba med materialet sjølve på førehand, slik at vi sidan kan løfta diskusjonen eit steg høgare i klasserommet, då har eg verkeleg nådd fram. Og når eg ser studentane sin glede over å mestra materialet, og korleis dei på eit langt meir sjølvsagt vis ber fram meiningane sine og deltar i diskusjonen, då veit eg at dei har gjort kunskapen til sin eigen. For meg symboliserar prisen alt dette.

- I fleire år var eg i tvil om eg skulle våga å prøva den undervisningsstilen som eg nyttar i amerikanske klassrom her på NHH. No som eg har gjort det, ser eg at det fungerer veldig bra, og det er fantastisk moro.

- Eg vil gjerne takka studentane og Fagutvalget for at dei har villa gje merksemd til min, i norsk samanheng, ukonvensjonelle undervisningsstil. Eg ser fram til å få læra å kjenna fleire kull med NHH-studentar, avsluttar prisvinnaren.

Karin S. Thorburn si profilside på nhh.no

fleire nyheiter