– Dei fyrste dagane har vore gøye!

Statsråd Iselin Nybø
Statsråd på velkomstveka: Iselin Nybø meiner det er viktig med aktivitetar som også introduserer studentane for den faglege delen av studiestarten. Her saman med leiar av NHHS, Kasper Lie Asdal og student Emilia Furnes Hilt. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.
Video Av Ingrid Aarseth Johannessen

16. august 2019 14:58

– Dei fyrste dagane har vore gøye!

Fullpakka program for nye NHH-studentar på velkomstveka. – Eg er spent på dei neste vekene og gleder meg til å gå her vidare, seier fyrsteårsstudent.

– Vår strategiske ambisjon på NHH er å være ein leiande internasjonal handelshøgskule. For deg som student betyr det at du vil møte undervisning med substans og relevans på høgaste nivå. Du har mykje å lære og mykje å sjå fram til, sa rektor i sin opningstale for bachelorstudentane.

Denne veka har over 1000 ferske studentar inntatt NHH. I år med ca. 480 nye bachelorstudentar og ca. 785 nye masterstudentar, ekskludert masterstudentar i Oslo. 

Ny student helsar på rektor Øystein Thøgersen på immatrikulering. Foto: Helge Skodvin.

Den offisielle opninga var måndag 12. august med den tradisjonsrike immatrikuleringa. På programmet stod talar ved rektor Øystein Thøgersen, prorektor Linda Nøstbakken, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Rebekka Borsch og leiar av NHHs, Kasper Lie Asdal.

– Nokre av dykk har kanskje høyrt om livet som NHH-student frå vener og kjente som har gått her. Uansett utgangspunkt, start med eit ope sinn, utforsk alt NHH-miljøet har å by både fagleg og utanom-fagleg, og gjer deg opp di eiga meininga. Og ikkje minst – bidra til å gjere studietida som ligg føre dykk så bra som mogleg for alle, sa prorektor Linda Nøstbakken.

Sjå video frå immatrikuleringa: 

Aktivitetar med fagleg tyngde

Leiinga ved NHH endra i fjor formatet på velkomstveka ved å introdusere ei rekkje nye tiltak. Det inneber ein tydelegare fagleg profil og fleire aktivitetar utan alkohol, som felles frukost gjennom heile veka og arbeid med caseoppgåver.

– Som rektor på NHH vil eg insistere på at NHH har eit studentmiljø med framifrå kvalitetar. Miljøet skal være ope, mangfaldig og med stor grad av fagleg og sosial samhandling mellom alle studentar uavhengig av bakgrunn, sa Thøgersen.

Nybø deltok på «kjellarleikar»

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø deltok også på velkomstveka til NHH. Her fekk statsråden innblikk i caseoppgåvene og snakka med studentar, i tillegg til at ho deltok på fleire «kjellarleikar», som er eit lags rebusløp i regi av studentforeininga ved NHH (NHHS).

I ei pressemelding frå departementet hennar heiter det at Nybø meiner det er viktig med aktivitetar som også introduserer studentane for den faglege delen av studiestarten.

Ho understrekar at det er viktig at det ikkje berre er fest og fyll som dominerer når ein skal inkludere nye studentar. Dei siste åra har det vore mykje fokus på at fadderveka har blitt dominert av alkohol og at mange studentar har hatt utrivelege opplevingar. Fleire utdanningsinstitusjonar har no teke grep. Ved NHH i Bergen er det blant anna inngått eit samarbeid om felles køyrereglar for fadderveka.

Sjå video frå statsrådbesøket: 

– lett å bli kjent med folk

Fyrsteårsstudent Emilia Furnes Hilt var blant dei som snakka med statsråden. Ho valde NHH fordi ho ville gå eit studium som inkluderte matematikk. 

– Dei fyrste dagane på NHH har vore gøye! Det er lett å bli kjent med folk og opplegget i velkomstveka har vore bra. Både NHH og NHHS har gjort ein god jobb. Eg er spent på dei neste vekene og gleder meg til å gå her vidare. 

Mentor for ein dag

Arbeidet med caseoppgåvene starta tysdag, og her blei studentane inndelt i grupper og fekk utdelt eit case. Fredag presenterte studentane sine løysingar på caseoppgåvene for 43 tidlegare NHH-studentar som fungerte som mentorar.

– Ved NHH er det vanleg å bruke case i undervisinga i mange fag. Me brukar case for å gjenskape realistiske utfordringar som studentane seinare kan møte i arbeidslivet. Me ønskjer difor at nye studentar tidleg får erfaring med undervisingsforma, sa Nøstbakken til nye studentar tysdag.

Bachelorstudentane presenterte caseoppgåver for tidlegare NHH-studentar. T.H: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv og dotter Kristine Devold i Telenor Norge.

Nokre av mentorane var Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv og dotter Kristine Devold i Telenor Norge, Frank Mohn i W. Giertsen AS, Amra Koluder i DNB og Anders Buchardt i AB Invest AS.

Sjå fleire bilete frå velkomstveka: 

Spente studentar før immatrikulering. Foto: Helge Skodvin.
Spente studentar før immatrikulering. Foto: Helge Skodvin.
Om lag 480 nye bachelorstudentar byrjar på NHH denne hausten. Foto: Helge Skodvin.
Foto: Helge Skodvin.
Om lag 480 nye bachelorstudentar byrjar på NHH denne hausten. Foto: Helge Skodvin.
Om lag 480 nye bachelorstudentar byrjar på NHH denne hausten. Foto: Helge Skodvin.
Nye studentar blei ønska velkomen av rektor Øystein Thøgersen og prorektor for utdanning, Linda Nøstbakken. Foto: Helge Skodvin.
Nye studentar blei ønska velkomen av rektor Øystein Thøgersen og prorektor for utdanning, Linda Nøstbakken. Foto: Helge Skodvin.
Nye studentar blei ønska velkomen av rektor Øystein Thøgersen og prorektor for utdanning, Linda Nøstbakken. Foto: Helge Skodvin.
Nye studentar blei ønska velkomen av rektor Øystein Thøgersen og prorektor for utdanning, Linda Nøstbakken. Foto: Helge Skodvin.
Statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet heldt tale på immatrikuleringa. Foto: Helge Skodvin.
Statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet heldt tale på immatrikuleringa. Foto: Helge Skodvin.
Muskkinnslag frå Direksjonsmusikken. Foto: Helge Skodvin.
Muskkinnslag frå Direksjonsmusikken. Foto: Helge Skodvin.
T.V: Student Emilia Furnes Hilt, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, leder av NHHs, Kasper Lie Asdal og rektor Øystein Thøgersen. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.
T.V: Student Emilia Furnes Hilt, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, leiar av NHHS, Kasper Lie Asdal og rektor Øystein Thøgersen. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.
Rektor Øystein Thøgersen og statsråd Iselin Nybø. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.
Rektor Øystein Thøgersen og statsråd Iselin Nybø. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.
Statsråd i møte med nye bachelorstudentar: T.V: Prorektor Linda Nøstbakken, statsråd Iselin Nybø, byråd for sosial, bolig og inkludering, Erlend Horn, leder av NHHs, Kasper Lie Asdal, student Emilia Furnes Hilt, rektor Øystein Thøgersen, statsråd Iselin Nybø og førsteamanuensis Malin Arve. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.
Statsråd i møte med nye bachelorstudentar: T.V: Prorektor Linda Nøstbakken, statsråd Iselin Nybø, byråd for sosial, bolig og inkludering, Erlend Horn, leiar av NHHS, Kasper Lie Asdal, student Emilia Furnes Hilt, rektor Øystein Thøgersen og førsteamanuensis Malin Arve. Foto: NHH/Ingrid Aarseth Johannessen.