– Gle dykk!

Bachelorimmatrikulering ved NHH 2018. Foto: Helge Skodvin
NHH tek imot ca. 1000 nye studentar i haust. Måndag formiddag var det om lag 480 bachelorstudentar som vart immatrikulerte. Foto: Helge Skodvin
NHH Av Hallvard Lyssand

13. august 2018 17:10

– Gle dykk!

– Det har neppe nokon gong vore meir interessant å studera økonomi. Gle dykk! sa rektor Øystein Thøgersen då han ønskte dei nye studentane velkomne til NHH måndag.

NHH tek imot om lag 1000 nye studentar i haust. Måndag vart over 480 nye bachelorstudentar og rundt 370 masterstudentar ønskte velkommen med immatrikuleringsseremoniar i høgskulens aula.

Fredag skal om lag 300 utvekslingsstudentar immatrikulerast i ein eigen seremoni.

Substans og relevans

– Vi har noko til felles i dag. Vi ber med oss ei blanding av spenning og vyar for åra som ligg framfor oss, sa rektor Thøgersen, då han tala til det nye kullet av bachelorstudentar måndag føremiddag.

Han lova dei substans og relevans på høgste nivå frå eit fagmiljø som er oppteke av verda omkring seg når dei designar nye fag, og som heile tida arbeider for å bli betre.

Tradisjon og endring

Immatrikuleringa hadde med alle dei tradisjonelle programpunkta. I tillegg til talar og underhaldning handhelsa rektor og prorektor på alle dei nye studentane, før fadrane i studentforeininga NHHS tok over for å guida dei nyankomne vidare til blant anna dåp og silent disco.

Men årets velkomstveke inneheld også mykje nytt.

Ei tyngre satsing på det faglege har vore planlangt lenge, men vart berre endå meir aktuelt etter vårens debatt om studentmiljøet på NHH.

Frukost og fag

Ein av nyvinningane er at studentane vil bli servert felles frukost i kantina på NHH kvar dag frå tysdag til fredag.

Vidare vil dei bli delt i grupper og få utdelt eit case som dei skal arbeida med heile veka. Fredag skal dei presentera resultatet for 50 NHH-alumni som har meld seg som mentorar.

I tillegg til case-arbeidet vil det bli føredrag der NHH-studentar med fartstid frå høgskulen deler sine erfaringar og kunnskapar, og der ein tek opp tema som psykisk helse og læringsmiljø.

Etter planen skal case-gruppene også arbeida med ein ny «code of conduct» - ei ni-punkts liste som er som er utarbeidd for å grunnfesta kva framferd høgskulen og studentforeininga ønskjer frå studentane.

Målet er at studentane skal få eigarskap til desse utsegnene gjennom å diskutera korleis dei skal levast ut i praksis.

På ettermiddags- og kveldstid rår NHHS grunnen med alt frå konsertar til havrafting og tur opp Stoltzekleiven.

– Kva vil de i rektoratet at studentane skal sitja igjen med etter si første veke på NHH?

– Me ønskjer at dei skal sitja att med eit breitt og godt inntrykk av NHH, og at dei gler seg til å dykka ned i alt NHH har å tilby, både fagleg og sosialt, forklarar Øystein Thøgersen og Linda Nøstbakken.

– Engasjer dykk!

Prorektor Nøstbakken trekte fram sine eigen erfaringar frå studiestarten ved NHH.

– Eg hugsar godt kva eg tenkte då eg sjølv sat der de sit i dag. Kjem eg til å snubla då vert min tur til å helsa på rektor? Kjem eg til å få vener? Er eg flink nok?

– Men det går stort sett bra, ting ordnar seg, trøysta ho.

Ho oppmoda studentane om å stilla med eit ope sinn og tenka gjennom eiga framferd slik at flest mogeleg får det best mogeleg.

Samstundes lova ho at leiinga vil ta mot innspel til betringar.

– Engasjer dykk! Vi lyttar!

Nina Vestbøstad og Helene Tingvold
Bachelorstudentane Nina Vestbøstad (t.v.) og Helene Tingvold har klare og høge forventningar til studia ved NHH. Foto: Helge Skodvin

Høge forventningar

Blant dei nyankomne bachelorstudentane, var forventningane til studia klare.

Nina Vestbøstad frå Stord og Helene Tingvold frå Oslo stod saman i køen inn til immatrikuleringa.

– Eg valde NHH av di eg har høyrt mykje bra om skulen og at det er ei god utdanning med mange jobbmogelegheiter etterpå. Det trengs økonomar overalt, forklarte Vestbøstad.

– Eg har høge forventingar til det akademiske og kunnskapen til dei som underviser. Samstundes er det viktig at skulen evnar å knyta seg tett til næringslivet gjennom heile utdanninga, supplerte Helene Tingvold frå Oslo.

Immatrikulering ved NHH 2018.
Direksjonsmusikken førte an inn i aulaen. Bergensordførar Marte Mjøs Persen (Ap) var blant gjestene. Foto: Helge Skodvin
Handhelsing bachelorimmatrikulering 2018. Foto: Helge Skodvin
Alle NHH sine nye studentar vert ønskte velkomne med eit handtrykk frå rektor eller prorektor og eit immatrikuleringsbevis. Foto: Helge Skodvin
Henrik Asheim, immatrikuleringa NHH 2018. Foto: Helge Skodvin
Stortingsrepresentant og leiar av finanskomiteen, Henrik Asheim (H) var årets hovudtalar. Gjer dykkar beste og bidra til å gjera verda til ein betre stad, oppmoda han. Foto: Helge Skodvin
Big Business Band, bachelorimmatrikuleirng ved NHH 2018. Foto: Hallvard Lyssand
Studentforeiningas storband, Big Business Band, stod for delar av underhaldninga. Foto: Hallvard Lyssand
Øystein Thøgersen snakkar med studenter under frokosten i velkomstveka 2018. Foto: Hallvard Lyssand/NHH
Tysdag formiddag serverte NHH frokost til alle nye studentar. Rektor Øystein Thøgersen i samtale med (f.v. mot klokka) dei russiske masterstudentane Daria Alexandrova, Elmira Vagapova og Anna Marchina, og utvekslingsstudent Marie Giesler frå Frankrike. Foto: Hallvard Lyssand