Utveksling hausten 2020

Utveksling hausten 2020

NHH avlyser både utreisande og innkomande utveksling haustsemesteret 2020.

Publisert 5. mai 2020, oppdatert 29. mai kl. 08.55 (tilleggsopplysningar om praksisopphald)

  • Utveksling hausten 2020 avlyst

    Utveksling hausten 2020 avlyst

    5. mai avlyste NHH utvekslingsopphald for alle masterstudentar som skulle reisa ut hausten 2020.

    No har høgskulen også vedteke å ikkje ta imot innreisande utvekslingsstudentar i haustsemesteret. Dette gjeld både på bachelor- og masternivå.

    (Avgjerda gjeld ikkje inn- og utreisande studentar dobbelgradsstudentar.)

    Bakgrunnen for avgjerda er samansett, men overordna er den svært uavklarte og uføreseielege situasjonen internasjonalt grunna Covid-19 avgjerande.

    Avgjerda er vanskeleg, fordi den råkar alle studentar som har planlagt utveksling hausten 2020. NHH ønskjer å minimere dei negative konsekvensane for studentane og gjere situasjonen så føreseieleg som mogleg, gitt dei svært usikre føresetnadane.

    Vi er klar over at nokre innreisande studentar ikkje vil ha høve til å utsetja planlagde opphald, og at dei truleg vil bli skuffa. Diverre kan vi ikkje tilby eit virtuelt utvekslingssemester ved NHH som eit alternativ.

    NHH forsikrar alle våre partnarinstitusjonar om at vi framleis vil forplikta oss til å oppretthalda og vidareutvikla partnarskapa og utvekslingsavtalane våre. Hovudmålet er å ønska nye utvekslingsstudentar velkommen til vårt campus våren 2021, og å senda NHH-studentar på opphald i utlandet.

    DETALJAR OM AVLYSINGA AV UTREISE FOR NHH-STUDENTAR

    Publisert 5. mai 2020.

    Det er ei rekkje faktorar som gjer at NHH avlyste utreise til hausten.

    Omsyn til liv og helse er avgjerande. Regjeringa har sterkt frårådd alle nordmenn mot å reise til utlandet. Dette er den strengaste form for reiseråd som kan verte gitt, og per i dag er det ikkje satt ein dato for kor lenge dette rådet vert ståande.

    Korleis pandemien utviklar seg i 2020 og inn i neste år, er høgst usikkert.

    FLEIRE FAKTORAR

    Det er naturleg nok fleire faktorar som spelar inn i vurderinga:

    • Fleire partnaruniversitet har allereie avlyst utveksling til hausten, og det vil kome fleire.
    • Mange land handsamar heller ikkje, per i dag, visumsøknadar, til dømes USA og Australia.
    • På den sørlege halvkule er det semesterstart allereie i juli, og per i dag er det ikkje realistisk at det vil la seg gjennomføre for studentar å reise så tidleg.
    • Per i dag er det svært vanskeleg å reise internasjonalt sidan flytrafikken er sterkt redusert og mange land har stende grenser.
    • Utanriksdepartementet rår frå reise til alle land, inntil vidare. Det vil seie at det er svært vanskeleg å bli evakuert frå utlandet og å få konsulær bistand, om det skulle skje noko.
    • Avgjerda har også ei økonomisk side for studentane sin del. Det kan til dømes vere kostnadar knytt til reise, planlegging av utleige av bustad i Noreg og at studentar må bestemme seg for å seie opp deltidsjobbar heime før avreise. Nokre studentar må også førehandsbetale skulepengar med avgrensa moglegheit for refusjon.
    • Det er også verdt å leggje merke til at forsikringsselskap ikkje dekker tap eller skade som har samanheng med pandemien, ved teikning av ny reiseforsikring.

    MOGELEGE LØYSINGAR FOR MASTERSTUDENTANE

    NHH har mange ulike kategoriar av utreisande studentar på masternivå som på ein eller anna måte er råka av situasjonen.

    Dei ulike kategoriane krev ulike løysingar. Alle dei som er råka har fått informasjon direkte.

    Studentane har også fått skissert ulike alternative løysingar om å flytte utveksling eller få på plass andre mobilitetsalternativ til våren og vil få oppfølging frå NHH

  • Praksisopphald/internships sommar og haust 2020

    Praksisopphald/internships sommar og haust 2020

    Er du norsk statsborgar må du forhalde deg til UD sine reiseråd. Så lenge UD sine reiseråd er gjeldande vil det vere svært vanskeleg å skaffe seg ei forsikring som er gyldig, og ein kan ikkje rekne med å få bistand frå norske myndigheiter viss ein får behov for det til dømes i samband med heimereise om ein har trossa råda og reist utanlands utan at det er strengt nødvendig.

    Skal du på eit praksisopphald i utlandet i regi av NHH som etter planen krev at du må reise utanlands medan UD sitt reiseråd er gjeldande må du forsøke å få utsatt avreise frå Norge til reiserådet vert endra eller få løyve til å begynne internshipet heimefrå og reise først når UD sitt reiseråd vert endra. Dette gjeld viss du skal ta eit internship i Norden som begynner før 15. juni, i Europa før 20. juli eller i resten av verda før 20. august.

    Om du til dømes har oppstartsdato på eit internship i Danmark 10. juni må du avvente avreise for å få avklart om reiserådet for Norden vert endra 15. juni. Vert det endra kan du reise til Danmark og begynne i internshipet ditt.

    Vert reiserådet oppretthaldt og forlenga kan du ikkje reise. Er det ikkje mogleg å avtale oppstart i Norge eventuelt utsatt oppstartsdato for internshipet med arbeidsgivar, eller passar det ikkje for deg tidsmessig å skyve på praksisperioden må du avlyse og trekke deg frå internshipet.

    Er du statsborgar i andre land enn Norge må du forhalde deg til reiseråd utsteda av dei lokale myndigheitene der du høyrer heime. Det kan vere ulike vilkår for reiserestriksjonar frå land til land.

    Studentar som tek Internship Abroad-kursa kan oppleve at verksemda der dei har internship, ser seg nøydde til å avlyse eller avbryte internshipet på kort varsel.

    Skulle dette skje vil NHH gjere det vi kan for å sikre at du kan halde fram med det teoretiske arbeidet i kurset. Ein føresetnad for at du skal kunne halde fram med kurset er at du har fullført minst fire veker av internshipet ditt i utlandet, samt at du har gjennomført kursarbeidet det er krav om. Det er kursansvarleg som avgjer kor vidt du vil kunne halde fram på kurset som planlagt.

    Studentar som drar på internship i utlandet på sjølvstendig grunnlag må også førebu seg på at verksemda kan avlyse eller avbryte internshipet på kort varsel. Hugs å halde deg oppdatert på informasjon frå NHH til ei kvar tid.

    Dersom det er mogleg tilrår vi at du utset utlegg i samband med ditt planlagde opphald. Prøv å sikre deg ved å kjøpe fleksible flybillettar, avbestillingsforsikring etc.