Utveksling etter koronautbrotet

Utveksling etter koronautbrotet

Reiseråd og annan informasjon for NHHs utreisande og innkomande utvekslingsstudentar.

Sist oppdatert 24.3.2020 klokka 17.35. 

Oppdatert informasjon for innreisande utvekslingsstudentar

Utreisande utvekslingsstudentar

Grunna nye reiseråd frå Utanriksdepartementet laurdag 14. mars 2020, oppmodar NHH alle norske studentar som er på utveksling om å reisa heim til Noreg så fort som mogeleg.

NHH har også fullgradsstudentar frå andre land som er på utveksling hos NHH sine partnarinstitusjonar i utlandet. Desse studentane vert bede om å følgja råd frå heimlege styresmakter, eller reisa til heimlandet, då det er restriksjonar for innreise til Noreg.

  • Kontakt reisebyrået eller flyselskapet ditt for å avklara reisedetaljar.
  • Kontakt forsikringsselskapet ditt med spørsmål om dekning eller tilbakebetaling av ekstrakostnader for flybillettar o.l.
  • For å få hjelp der du er: Norske statsborgarar kan kontakta næraste norske ambassade eller konsulat, eller Utanriksdepartementets døgnopne operative senter
  • Kontakt NHH dersom du har spørsmål eller treng anna hjelp. 
    E-post: INT.STUD@NHH.NO

Treng du bustad raskt?

Saman har tilbod til utvekslingsstudentar som returnerer til Bergen.

Les meir på Samans nettside

Om studieprogresjon for dei som må reisa heim

Dei fleste partnarinstitusjonane våre har, eller er i ferd med å få på plass opplegg for digital undervisning og eksamen, slik at studia kan forsetja heimanfrå.

I tilfelle der det ikkje er slike tilbod, vil NHH arbeida for å få det på plass. Om det likevel ikkje kjem på plass, vil NHH gjere sitt ytste for å tilby alternative opplegg.

Vi veit at mange av dykk er i det siste semesteret av utdanninga dykkar, og fryktar at de kan verta forseinka i utdanninga grunna den rådande situasjonen. Dette er ein ekstraordinær situasjon, og de kan vera trygge på at NHH, framtidige arbeidsgjevarar og andre vil forstå at situasjonen kan gje uventa konsekvensar.

Alle utreisande utvekslingsstudentar frå NHH vil få tilgang til å ettermelde seg i kurs ved NHH dette semesteret. Dette gjeld kurs NHH ser det som mogleg å gjennomføre i løpet av vårsemesteret, trass sein start. Me oppfordrar likevel heimvendte utvekslingsstudentar om i størst mogleg grad å fortsetje studiane over nett ved vertsinstitusjonane sine. 

Informasjon for innreisande utvekslingsstudentar

Bortsett frå å halda studentar og tilsette trygge, er NHHs primære mål å gjera det mogeleg for alle studentar å fullføra semesteret og ta eksamen, uavhengig av utviklinga i situasjonen. 

All undervisning og eksamen vil difor gå føre seg digitalt resten av semesteret.

Tilreisande utvekslingsstudentar vert rådde til å følgja instruksar og råd frå styresmakter i heimlanda sine og institusjonen dei reiste ut frå.

  • Studentar som vil reisa eller vert kalla heim, står fritt til å dra.
  • Studentar som ønskjer å bli i Noreg, står fritt til å bli verande.

Vi oppmodar dei som blir i Noreg til å halda seg oppdatert om instruksar og råd frå norske styresmakter, og å kontakta NHH om dei har spørsmål eller treng assistanse.

E-post: int.stud@nhh.no

Viss du vel å dra heim må alle spørsmål knytta til bustad rettast til SAMAN gjennom deira kanalar