Undervisning

Undervisning

Informasjon om undervisningsaktivitetar ved NHH under coronapandemien.

Vårsemesteret 2021

Publisert 11. november 2020, kl. 08.45, oppdatert 16. november kl.

Grunnprinsippet for planlegginga av kommande vårsemester er førebygging. Når det gjeld undervisning og læringsaktivitetar legg NHH fleksible planar som skal kunne gjennomførast i dei fleste omstende, frå ein relativt normal situasjon til eit ekstremtilfelle med eit stort Covid-19-utbrot som tvingar oss til å stenge ned campus.

Undervisningsaktivitetar

Det kjem til å vere eit digitalt alternativ for undervisning i alle emne ved NHH kommande vår. Dette gjeld både på bachelor- og masternivå.Det vil variere frå emne til emne om hovudforma på undervisninga er fysisk eller digital, og nokre emne vil gjerne også vere heildigitale.

Like fullt er fysiske møteplassar viktige, og skulen håpar å sjå så mange studentar som mogleg på campus.

Hovudretningslinjer for å unngå smitte:

  • Dei viktigaste tiltaka er 1-metersregelen, god handhygiene og reingjering av arbeidsflater
  • Respekter at annakvart sete i lesesalar, kantiner og auditorium ikkje skal brukast
  • Følg dei fysiske markeringane og einvegstrafikk i korridorar og fellesområde

Skulen oppfattar fysiske aktivitetar som særleg viktige for nye studentar. Difor vil bachelorstudentar sitt behov for fysiske møteplassar bli møtt på programnivå – med mindre vi hamnar i ein situasjon med fullstendig nedstenging på grunn av Covid-19.

Haustsemesteret 2020

Publisert 5. mai 2020, kl. 09.08. Oppdatert  16. november kl. (flytta til denne sida).

NHH gjer sitt ytste for at alle studentar skal få eit godt undervisningsopplegg hausten 2020 uavhengig av korleis situasjonen med koronaviruset utviklar seg. Høgskulen følgjer til eikvar tid gjeldande reglar og råd om smittevern.

Grunna auka smitte i Bergen og restriksjonane dette medfører, vert studentane oppmoda om å studera heimefrå viss dei kan. All undervisningsaktivitet er digital.

Detaljert informasjon om smittesitusjonen ved NHH (lenke)

Poststudierett

Publisert 28. august 2020 kl. 14.55. Oppdatert 13.november kl.

NHH opnar for poststudierett for studentar som avsluttar masterstudia våren og hausten 2020.

Koronapandemien har medført at arbeidsmarknaden for nyutdanna brått er endra, og mange verksemder har utsett rekruttering og oppstart for nytilsette. Sjølv om kandidatar frå NHH normalt er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden, er situasjonen utfordrande også for dei

Som ein del av NHHs bidrag til å betra situasjonen, vil vi tilby studentar som fullfører MØA eller MRR våren og hausten 2020 ein poststudierett som kan brukast til å ta enkeltemne i høgskulens portefølje. Poststudieretten vil tildelast for eitt semester om gangen i inntil eitt år, og gjeld berre for dei nemnde gruppene.

Dette vil til dømes gje studentar som har fullført MØA mogelegheit til ta ein 1-årig MRR-grad, eller utforska ytterlegere fagområde for å auka kompetansen sin.

Dersom du ønsker å ta ein eittårig MRR-grad med tanke på å søke statsautorisasjon som revisor, må du hugse at det er krav om karakteren c eller betre på alle dei 120 studiepoenga i graden. Det vil seie både dei 60 studiepoenga du tek på poststudierett og dei 60 studiepoenga som vert innpassa frå MØA (30 studiepoeng kurs og 30 studiepoeng masteroppgåve).

Det vil ikkje vera mogeleg å ta tilgangsavgrensa emne med poststudierett, og det vil heller ikkje vera mogeleg å ta opp igjen emne som allereie er bestått.

Søk poststudierett i søknadsweb

Neste frist vert 1. februar 2021.

Poststudieretten fordrar at søkarane fullfører MØA eller MRR ved NHH våren eller hausten 2020.