Undervisning og eksamen

Undervisning og eksamen

NHH vil gjere sitt ytste for at alle studentar skal kunne fullføre semesteret og gjennomføre eksamen, uavhengig av korleis situasjonen med koronavirus utviklar seg.

Sist oppdatert 30.3.20, kl. 13.20 (avsnitt om Bloomberg/Eikon).

undervisning

All undervisning, rettleiing og annan studieaktivitet vil skje digitalt ut semesteret.

Kursansvarlege skal formidle alt undervisningsmateriale gjennom Canvas, inkludert eventuelle videosnuttar eller førelesingsopptak som erstatning for dei vanlege førelesingane som utgår. Målet er å sikre den same læringa som ved normal undervisning.

Kursansvarlege vil informere snarast råd om opplegg for sine kurs på Canvas dersom det er behov for endringar i kursgodkjenningskrav eller anna opplegg no når alt går digitalt.

Me ber om forståing for at det kan ta litt tid før digital undervisning er i gang i alle kurs.

Eksamen

Om du som student ikkje høyrer noko anna, kan du gå ut frå at heimeeksamenar og anna går som tidlegare annonsert i kurset.

Alle skuleeksamenar vårsemesteret 2020 blir erstatta med heimeksamenar same dato som skuleeksamen. Dette gjeld uavhengig av utviklinga i koronasituasjonen. Opne fanene under for detaljar om vurderingsform og -skala for desse eksamenane.

  • Vurderingsform

    Vurderingsform

    Kursansvarleg kan velja ein av følgjande typar heimeeksamen for kurset:

    • Digital skriftlig eksamen som startar kl 9 (varigheit: 3-7 timar, bestemt av kursansvarleg)
    • Live munnleg eksamen i Teams (hovudsakleg relevant i mindre kurs)
    • Fråkopla munnleg eksamen der studentane lastar opp videopresentasjonar til WISEflow

    Et anna alternativ er å droppe eksamen. Kursansvarlege har vorte bedne om å vurdera om dei allereie har vurdert studentane sitt læringsutbytte på ein adekvat måte.

    Om det er tilfelle kan det vere eit betre alternativ å hoppe over avsluttande eksamen (i tilfelle heimeeksamen-for-skuleeksamen).

    I fleire kurs har denne prosessen ført til ei endring i vurderingsform som allereie er kunngjort for studentane i desse kursa.

  • Vurderingsskala

    Vurderingsskala

    Endringa frå skuleeksamen til heimeeksamen i mange kurs har ført til spørsmål om kva vurderingsskala som skal nyttast.

    Dette er eit spørsmål som også har engasjert studentane våre. Difor lanserte NHH og Studentutvalet ved NHH (SUN) ei felles undersøking mellom 16. og 18. mars, der alle NHH-studentar kunne gi sine innspel til relevante kriterier ved val av karakterskala i ulike kurs. Studentutvalet oppsummerte resultata i ein rapport, som vart presentert for Utdanningsutvalet ved NHH i det ekstraordinære møtet om dette temaet 25. mars.

    Utdanningsutvalet, som er samansett av studentar og tilsette frå fagstab og administrasjon, diskuterte korleis og i kva typar kurs ein skal nytte kva karakterskala på heimeeksamen-for-skuleeksamen i vår. Utdanningsutvalet kom fram til følgjande:

    Ved bruk av bestått/ikkje bestått (B/IB), skal bestått karakter tildeles dersom:

    • Kandidaten har oppnådd krava til læringsutbytte og viser naudsynt kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse.

    Eit argument som mange har brukt for å endre frå karakterskala A-F til å B/IB, er at dette vil redusere studentane sine incentiv for å jukse på heimeeksamen. Dette ligg også til grunn for lista med kriterier for dei to vurderingsuttrykka som Utdanningsutvalet stilte seg bak:

    Vurdering med B/IB:

    -Kvantitative kurs der det typisk er eitt korrekt svar

    • Kjente modellar, «puggefag»
    • Lite drøfting, vanskeleg å bruke plagiatkontroll

    -Store kurs med mange studentar. Dette betyr at dei fleste obligatoriske bachelorkursa skal vurderast med B/IB.

    Vurdering med karakterskala A-F:

    -Kurs der ein kan utforme oppgåvene slik at studentane ikkje har utbytte av å kommunisere med kvarandre eller andre for å løyse oppgåva.

    • Drøftings- og refleksjonsoppgåver
    • Vekt på å vise forståing heller enn å replikere

    -Alle MRR-kurs

    Unntak:

    NHH si studieforskrift tillet ikkje å kombinere vurderingsuttrykk i eitt og same kurs (§4-4). Har ein vurdering med A-F (eller B/IB) på éin del, må ein også bruke det på eksamen.

    MRR-studentar vil få karakter A-F i alle kurs, også MØA-kurs. Studentar i dette programmet trenger A-F-karakter i alle kurs for å kunne oppfylle krava til statsautorisert revisor.

    Regel for gjeldande karakter ved gjentak og nytt vurderingsuttrykk:

    [A-F → B/IB] Studentar som tek om att ein allereie bestått eksamen:

    • Ved stryk på ny eksamen: Tidlegare bokstavkarakter vert teljande
    • Ved bestått ny eksamen: «Bestått» vert teljande

    [B/IB → A-F] Studentar som får «Bestått» i kurs med ekstraordinær B/IB våren 2020 og seinare tek om att eksamen med bokstavkarakter:

    • Ved stryk på ny eksamen: «Bestått» vert teljande
    • Ved bestått på ny eksamen: Bokstavkarakter vert teljande

    Prosess for å bestemme vurderingsskalaen i kurs der vurderingsform har vorte endra frå skuleeksamen til heimeeksamen:

    1. Alle kursansvarlege har vorte bedne om å melde inn sitt val av karakterskala gitt kriteria ovanfor innan fredag ​​27. mars.
    2. Svara vert evaluerte av programleiar for det respektive kurset, med innspel frå Studentutvalet ved NHH og studieadministrativ avdeling. Ei endeleg avgjerd vert tatt av prorektor for utdanning basert på forslag frå programleiar.
    3. Avgjersla vert delt med kursansvarlege og med studentane.

    Innmeldte ønskjer vil verte behandla fortløpande, og NHH håpar å ha nettsidene for alle kurs oppdaterte med endeleg informasjon om vurderingsskala innan 1. april.

    Studentane i alle kurs som har fått skuleeksamen erstatta av heimeeksamen vil få sjansen til å trekkje seg frå eksamen (utan å bruke eit forsøk) etter at NHH har publisert informasjon om vurderingsuttrykk i kurset, uavhengig av annonsert trekkfrist.

Masteroppgåve

Innleveringsfristen for masteroppgåver er utsatt til 20. juni for alle studentar dette semesteret.

Tilgang til Bloomberg og Eikon

Studentar som treng tilgang til Bloomberg eller EIKON i samband med masteroppgåva, kan få det ved å reservera tid via skjemaa under. Bruk studentnummer når du reserverer tid.

Reserver tid på Bloomberg-terminal (doodle.com)

Reserver tid på Eikon-terminal (doodle.com)

Det er mogeleg å få tilgang måndag – fredag kl. 09:00-16:00.

Studentane blir sleppte inn i bygget gjennom kjellarinngangen.

Det er ikkje mogeleg å sitje på biblioteket og arbeide med andre oppgåver.

Kontakt

Har du spørsmål om undervising og eksamen etter koronautbrotet? Bruk e-post STUDENT@NHH.NO