Studiestart 2022

Studiestart 2022

Det følgjande gjeld ved NHH ved starten av studieåret i januar 2022.

Oppdatert fredag 14. januar 2022 kl. 16.32.

Torsdag 13. januar letta regjeringa på nokre av koronarestriksjonane.

Det er framleis krav om smittervernforsvarleg drift, men det er eit mål at studentane skal kunna koma tilbake til campus.

  • Det er no opna for meir fysisk undervisning.
  • Det vil likevel vera digitale tilbod i alle emne i vårsemesteret 2022.
  • Sjekk i Canvas kva som gjeld i emna du tek.

Mindre grupper, oppgåveløsning, seminarer i klasserom bør avgrensast til maks 30 personar med 1 meters avstand. Avstandstilrådinga kan fråvikast der det er naudsynt for gjennomføring av undervisinga.

For undervising i større auditorium gjeld antallsavgrensningen for offentlege arrangementer med faste tilviste sitteplassar, og krava i smittevernfagleg forsvarleg drift.

  • Ved NHH tyder dette at annakvart sete kan brukast i auditorium og lesesalar.

Elles er det framleis viktig å følgja generelle smittevernråd

  • Hald avstand på 1 meter.
  • Bruk munnbind når det er naudsyn – til dømes på veg inn i og ut frå auditorium.
  • Tenk på hygiene og vask hendene ofte.
  • Desinfiser arbeidsflater etter bruk.
  • Hald deg heime ved symptom.
  • Avgrens talet på nærkontaktar.
  • Halda avstand til personar utanfor eigen husstand.
  • Unngå handhelsing og klemming av andre enn dei næraste.

Les meir om nasjonale råd og reglar på regjeringen.no