Studiestart 2021

Studiestart 2021

Det følgjande gjeld ved NHH ved starten av studieåret i august og septmeber 2021.

Oppdatert onsdag 1. august kl. 9.10.

Talet på Covid-19-smitta i Bergen vert framleis rekna som for høgt. Bergen kommune vidarefører derfor dei lokale smitteverntiltaka fram til 1. september.

NHH følgjer utviklinga i høve smitte, tilrådingar og forskrifter, særleg på lokalt nivå i Bergen.

Vårt utgangspunkt er at vi tek sikte på å gå så raskt som mogeleg til ein normal situasjon, med fysisk oppmøte på førelesningar heilt frå semesterstart der det er mogeleg.

Dette kan likevel bli endra på kort varsel.

Det er framleis avgrensingar i talet studentar i auditoria og inntil vidare har vi beslutta å oppretthalde avstanden til ein meter, noko som tyder at halvparten av seta står tomme.

Informasjon for spesifikke kurs vil bli lagt ut på kurssidene i Canvas, men ver merksam på at nye begrensningar kan føre til endringar.

Viss vi må prioritere nokre kurs, vil vi prioritere dei som er for nye studentar.

Som før vil det vere mogeleg å følgje førelesningane i alle emne digitalt.

Smittevernoverlegen i Bergen kommune har skrive eit eige brev til studentane med råd og retningsliner.

Bergen kommunes brev til studentane (PDF 108 kb)

Bergen kommunes side med informasjon om koronaviruset

Gå til sida "Ny student" for meir informasjon om studiestart

Program for velkomstveka for nye bachelorstudentar

Program for velkomstveka for nye masterstudentar