Smittevern ved NHH

Smittevern ved NHH

Rettleiing og reglar for smittevern.

Sist oppdatert måndag 22. februar 2021, kl. 13.26.

Dei særlege smitteverntiltaka for Bergen kommune som vart innført 7. februar er oppheva med verknad frå måndag 22. februar.

Nasjonale retningsliner for smittevern gjeld. Studentar får tilgang til lesesalar, grupperom og bibliotek på NHH frå tysdag 23. februar.

Undervisning går framleis primært digitalt. 

Alle tilsette vert tilrådd å ha heimekontor så sant det er mogeleg.

Oppdatert informasjon om opningstider ved NHH

Studentane vert igjen oppmoda om å halde seg strengt til smittevernråda, ha låg terskel for teste seg og følgje ekstra med på om dei kjenner symptom.

Dei viktigste tiltaka som den einskilde sjølv kan gjere:

  • Hald avstand på 1 meter – alltid
  • Vask hendene ofte
  • Desinfiser arbeidsflatene – ikkje gløym bibliotek og lesesal
  • Hald deg heime viss du ikkje føler deg bra.

NHH-leiinga presiserer at det framleis er viktig at alle melder frå dersom dei er smitta.

Dette gjer du viss du er NHH-student og har fått stadfesta smitte

SMITTEVERNRETTLEIAR FOR NHH

Smittevernrettleiaren gjev detaljerte køyrereglar for korleis tilsette og studentar skal minimera smitterisiko. 

Smittervernrettleiiar for NHH (PDF 1 mb)