Smittesituasjon ved NHH

Smittesituasjon ved NHH

Ingen nye NHH-studentar er meld smitta med covid-19 siste døger. Stenginga av fysisk undervising vart forlenga onsdag 16. september, studentar vert oppmoda om å jobbe heimanfrå og tilsette som kan, skal framleis ha heimekontor.

Sist oppdatert tysdag 22. september kl. 14.00.

Totalt 142 NHH-studentar er stadfesta smitta per tysdag 22. september. 

Med basis i smitteutviklinga i Bergen og vidareføringa av tiltaka til Bergen kommune, er stenginga av fysisk undervisning ved NHH forlenga til og med fredag 25. september. 

Dette innebærer at det tidlegast vert aktuelt å opne for fysisk undervisning fra måndag 28. september.

Det er digitale undervisingstilbod i alle kurs.

Campus er ikkje stengt, men studentar som har moglegheit til å lesa andre stader enn på NHH, vert sterkt oppmoda om å bruka slike mogelegheiter for å bidar til å avgrensa smitte.

Studentforeininga NHHS har stengt alle fysiske aktivitetar og lokala sine på campus inntil vidare, og forlenga torsdag dette til å gjelde ut neste veke. Dispensasjonssøknader vil likevel bli vurdert frå byrjinga av neste veke, då aktivitet vert vurdert som viktig for det psykososiale miljøet.

Det er ikkje meld om smitte blant NHH-tilsette, men alle tilsette som kan, byrja med heimekontor frå onsdag 9. september og møtest i størst mogeleg grad digitalt. Onsdag 16.9 vart også denne ordninga forlenga til og med fredag 25. september.

Ein handverkar som arbeider med ombygging på NHH vart meld smitta onsdag 2. september. Det er Statsbygg som byggherre som handterer smittesituasjonen, og Smittevernkontoret som gjer smittesporing. 

  • Har du symptom eller mistanke om smitte av Covid-19, kontakt fastlegen din eller smittevernkontoret i Bergen.
  • Studentar som får påvist Covid-19 skal sende e-post til korona@nhh.no

SMITTEVERNRETTLEIAR FOR NHH

Smittevernrettleiaren gjev køyrereglar for korleis tilsette og studentar skal minimera smitterisiko. Å halde avstand på minst ein meter, vaske hendene godt og halde seg heime viss du ikkje  føler deg bra, er dei viktigaste tiltaka som alle skal følgje.

Smittervernrettleiiar for NHH (PDF 1 mb)

Folkehelseinstituttets informasjon om kva du må gjere om du mistenkjer at du er sjuk med det nye koronaviruset

Er du NHH-student og har fått stadfesta smitte?