Viss du er smitta av covid-19

Viss du er smitta av covid-19

Dette gjer du viss du har testa positivt for Covid-19.

Publisert 31. august kl. 10.10, oppdatert 4. september kl. 10.20 (PDF med informasjon til studentar i Bergen frå smittevernoverlegen i Bergen kommune.)

  • Bli heime og isoler deg.
  • Smittevernkontoret i Bergen kommune vil bli varsla automatisk.
  • Dei tek kontakt med naudsynt informasjon (kva du skal gjere, oppfølging av nærkontaktar og mogelegheiter for opphald på "koronahotellet".)

Viktig informasjon til studentar i Bergen (PDF 444 kb)

Kontakt NHH via korona@nhh.no og gje følgjande informasjon:

  • Namn og telefonnummer
  • Bevegelsane dine på campus dei siste 48 timane (Kva førelesingar du har vore på, og detaljar om kva lesesalar og andre rom du har brukt)

Informasjonen vert ikkje brukt på ein måte som gjer det mogeleg å identifisera deg.