NHH opnar gradvis

NHH opnar gradvis

Frå tysdag 16. juni er delar av NHHs campus open for alle studentar. Føresetnaden er at alle følgjer smittevernreglane.

Oppdatert 17. august kl. 06.00.

12. juni melde Kunnskapsdepartementet at alle høgare utdanningsinstitusjonar kunne opna heilt då smittevernsituasjonen tilsa at det er trygt.

Det er likevel viktig at alle følgjer gjeldande reglar for smittevern.

Les pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet

Opningstider på campus

NHH campus ope frå 08.00 til 16.00 måndag til fredag.

Laurdag og søndag er campus stengd og det trengst adgangskort for å koma inn.

Tilgang til lesesalar og grupperom

Alle NHH-studentar har tilgang til

  • lesesaler og grupperom i Nybygget 24/7
  • lesesaler i Merino, måndag – fredag, kl. 07.00 – 22.00
  • lesesaler i Servicebygget, måndag – fredag, kl. 07.00 – 22.00

Biblioteket

Opningstider:

  • måndag – torsdag, kl. 08.15 – 20.00
  • fredag, kl. 08.15 – 18.00
  • laurdag, kl. 10.00 – 15.00

Det er ikkje lenger naudsynt å bestilla tilgang til Bloomberg/Eikon-terminalane.

Retningslinjer for smittevern ved NHH

Alle som vil bruka NHH sine lokale må retta seg etter følgjande reglar:

  1. Om du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjonar, må du halde deg heime.
  2. Om du får symptom på luftvegsinfeksjon på campus, skal du straks forlata NHH.
  3. Avgrens bruk av offentleg transport til og frå NHH så mykje som mogleg.
  4. Hugs å halda minimum ein meter avstand til andre alltid.
  5. Vask eller sprit hendene fleire gonger dagleg.
  6. Viss du må hosta eller nysa, må du bruke papir eller olbogekroken.
  7. Unngå å røra ved andletet eller auga.
  8. Ta med mat heimanfrå.
  9. Ikkje del mat med nokon.
  10. Behald den same plassen eller det same rommet heile dagen du er til stades.
  11. Viss du forlét plassen eller rommet for ei kortare stund, marker tydelig at plassen eller rommet er reservert, skriv dato.
  12. Kvar gong du forlét plassen eller rommet, vask av arbeidsflatene – gjer det same når du kjem tilbake.
  13. Ikkje flytt stolane nærare kvarandre – hugs einmetersregelen.
  14. Deling av utstyr og fysiske dokument må avgrensast så mykje som mogleg.
  15. Utstyr som blir delte må vaskast godt.

Smittevernrettleiar for NHH (PDF 1 mb)

Servicesenteret er ope

Tysdag 2. juni opna NHHs servicesenter for besøk av studentar og tilsette.

Frå 1. juli til 1. august vil det vera ein eller to tilsette fysisk til stades i Servicesenterets lokale mellom kl. 10 og 14 måndag til fredag.

Dei resterande tilsette arbeider frå heimekontor. Opningstidene på telefon og e-post er frå kl. 08.00 til 15.00.

Tidlegare tiltak

NHH stengde for alle studentar og tilsette 12. mars.

I slutten av april vart nokre område opna for studentar som er i siste semester av bachelor- eller masterstudium. Andre kunne få tilgang etter søknad.

I stengingsperioden la NHH til rette på ulikt vis for at studentar ikkje skulle bli forseinka i studia:

  • Alle studentar kunne fullføre semesteret og gjennomføre eksamen digitalt.
  • Innleveringsfristen for masteroppgåver vart utsett til 20. juni.
  • Biblioteket opna for bestilling frå og retur til NHHs eiga samling, og tilgang til ulike tremninalar ved behov.