Haustsemesteret 2020 ved NHH

Haustsemesteret 2020 ved NHH

NHH gjer sitt ytste for at alle studentar skal få eit godt undervisningsopplegg hausten 2020 uavhengig av korleis situasjonen med koronaviruset utviklar seg.

Publisert 5. mai 2020, kl. 09.08. Oppdatert kl. 10.06.

Det er enno ikkje klart kva tid NHH-campus opnar eller nøyaktig korleis semesterstarten til hausten vert. NHH planlegg difor for ulike scenario frå eit tilnærma normalt semester til at det meste av undervisningsaktiviteten føregår digitalt.

I utgangspunktet bør alle studentar planleggje for å følgje undervisning på NHH-campus gjennom haustsemesteret. Dersom me framleis har restriksjonar på bruk av campus, kan delar av undervisninga måtte gå digitalt.

Undervisninga på campus vil til ei kvar tid følgja råd og restriksjonar frå styresmaktene.

Bachelorstudentar (BØA)

Om mindre grupper studentar kan vere saman på campus, vil NHH prioritere bachelorstudentane og særleg dei nye studentane som startar denne hausten.

Dette fordi det er særleg viktig å leggje til rette for at dei nye studentane får ein best mogeleg start på studia og får gode høve til å etablera eit nettverk på NHH.

Det er ingen endringar i opptaket 2020. Søknadsfristen var 15. april. Fristen for å omprioritera studieønske er 1. juli.

Les meir om opptak, fristar og omprioritering på Samordna Opptak

Masterstudentar (MØA, MSc, dobbelgrad, MRR)

NHH har mange internasjonale masterstudentar. For å sikre at dei kan følgje studiane uavhengig av reiserestriksjonar, karantenekrav og anna, garanterer NHH at alle kurs masterprogrammet i økonomi og administrasjon vil verte filma og kunne følgjast på nett.

Dette betyr at alle MSc-, MØA- og dobbelgradsstudentar vil ha eit nettbasert undervisningstilbod gjennom haustsemesteret, uavhengig av korleis situasjonen rundt koronaviruset utviklar seg.

Merk likevel at også desse gruppene vil få eit undervisningstilbod på NHH-campus etterkvart som styresmaktene lettar på restriksjonane.

Masterstudentar i rekneskap og revisjon (MRR) vil i utgangspunktet få vanleg opplegg med ein kombinasjon av nettbasert undervisning og tradisjonelle førelesingar, men også her vil grada av nettbasert undervisning tilpassast dei til ei kvar tid gjeldande råd og restriksjonar frå styresmaktene.