Fusk

Fusk

Det har vore mykje snakk og rykte om fusk dette semesteret og nokre studentar har til og med sagt ting som «alle andre kjem til å jukse, så eg må også jukse». NHH håpar det følgjande vil klargjera høgskulens standpunkt i høve fusk.

Publisert 29. oktober 2020, kl. 10.45.

NHH er godt førebudde for å hindre og avdekke fusk. Meir spesifikt gjer høgskulen det følgjande:

  • Alle kursansvarlege er bedne om å utforme eksamenar som vil gjere det mogeleg å hindre og avdekke forsøk på fusk.
  • NHHvil bruke alle mogelegheitene i Wiseflow-systemet for å avdekke fusk.
  • Alle saker der det er mistanke om fusk vil bli følgde opp, og – som nærare skildra under – er det streng straff for å fuske.

Etiske tilhøve kring fusk

Fusk er eit alvorleg brot på tillitstilhøvet til NHH, med-studentar og samfunnet generelt, og NHH reagerer strengt på alle former for fusk eller andre forsøk på å oppnå betre resultat gjennom brot på regelverket.

Ved å fuska tek du eit aktivt val om å bryta reglane, og det vil du måtte leva med resten av livet. Om du fuskar må du vera førebudd på å lyge til framtidige arbeidsgjevarar (og tilsette) når dei spør deg om du juksa på eksamen. Å vedgå at du fuska vil senda eit svært dårleg signal om deg. Å hevda at du juksa fordi alle andre gjorde det vil heller ikkje rettferdiggjere fuskinga.

Vidare er karaktergjeving i Noreg kriterium-basert ikkje rangeringsbasert. Din eksamen vil få same karakter uavhengig av om alle andre får A eller F.

Dessutan er det ikkje alltid sant at «alle andre» gjer det dei seier at «alle andre» gjer. I kantina hevdar «alle» at dei berre har A-ar. Det tyder ikkje at det er sant.

Kva er definert som fusk

Døme på fusk kan vera plagiat, mangel på referansar, ulovleg samarbeid og kommunikasjon, og å ha ulovleg materiell tilgjengeleg under gjennomføringa av eksamen.

Det er viktig å vera klar over at reglar og retningsliner for fusk også gjeld sjølv om du ikkje hadde intensjon om å juksa og om du er delaktig i fusk. Dette tyder at det å ha tilgang til noko som er ulovleg, sjølv om du ikkje bruker det aktivt, er fusk. Å hjelpa nokon andre er også fusk, uavhengig av om det er du som gjev andre informasjon utan å få noko tilbake.

Konsekvensane av å fuske

Juks vil føra til at karakteren din vert annullert. Vidare kan det føra til at du vert utestengd frå NHH eller alle norske universitet og høgskular i inntil to semester. Det er inga tidsavgrensing på retten til å annullere ein eksamen. Fusk kan dermed bli etterforska lenge etter at det skjedde, og til og med etter at du har forlate utdanningsinstitusjonen. Viss det vert fatta vedtak om å annullere ein eksamen må karakterutskrifter og diplom returnerast til utdanningsinstitusjonen.

Kva er prov på fusk

Det finst ei lang rekkje måtar å prova at nokon har fuska. NHH bruker innebygde tekstgjenkjenningsverktøy i Wiseflow som sjekkar innleverte svar for plagiat mot dine tidlegare leverte svar, mot andre studentars svar, mot tidlegare innleverte tekstar og mot internett.

Om du bruker tal som er konsistente med nokon andre sin eksamen, men ikkje din (fordi du har andre tal eller fordi utrekninga di gav andre tal) vil saka bli forfølgd.

Andre døme på prov på fusk er innkomande dokumentasjon, inkludert chat-ar og skjermdumpar, som viser at du kommuniserte med nokon andre om kurset under eksamen (uavhengig av om du fekk svar eller om du fekk nyttig hjelp), og dokumentasjon frå andre som viser at du planla å organisera eller delta i ulovleg samarbeid.

Etiske retningsliner

Før eksamensperioden byrja i haust vil du bli beden om å underteikna eit dokument med generelle etiske retningsliner, og i samband med korte heimeeksamenar (mindre enn 12 timar) vil du bli beden om å gje oss den fysiske adressa der du gjennomfører den aktuelle eksamenen.

Meir informasjon om fusk og lenker til dei juridiske tekstane om temaet