Åpen dag 10. februar 2020

Meld deg på OPENDAG.NO

Høgskulane, universitetet og Utdanning i Bergen inviterer til Åpen dag i Bergen slik at du som skal finne ut kva du har lyst til å studere, kan få ein smakebit på kva utdanningane går ut på.

Program på NHH

Vi utdannar framtidas økonomar: Kva går studiet ut på – og passar det for deg? 
Linda Nøstbakken (prorektor for utdanning)

Kva betyr tillit for samfunnsutviklinga?
Tina Søreide (korrupsjonsjeger)

Berekraftig business – korleis drive berekraftig og lønsamt på same tid? 
Lars Jacob Tynes Pedersen (bærekraftseventyrar)

Frå elev til student: Livet som NHH-student og kva eg gjerne skulle visst som vgs-elev  
Inger-Andrea Østby og Morten Løvaas (framtidas økonomar og NHH-studentar)

Spennande jobbmoglegheiter etter studia 
Margit Abel Grape, trainee i Schibsted (tidlegare NHH-student)

Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia

Kan du ikkje komme måndag 10. februar? Vi køyrer same program laurdag 8. februar.

Du får lunsj (gratis).

Les meir om bachelorstudiet ved NHH

Sjå video frå Åpen dag på NHH 2019:

REISESTIPEND

Bur du utanfor Hordaland, går på videregåande eller har fullført videregåande, har eller har planar om å ta matematikk R1 eller S1 og S2, og har gode karakterar, kan du søkje om reisestipend for å delta på Åpen dag. 

Vi prioriterer søkjarar med karakterar som ligg tett opp til poenggrensa for å komme inn på NHH i 2019:

- 52,7 for førstegongsvitnemål 
- 56,4 for ordinær kvote

For stipendsøkjarar frå Sør-Noreg (frå og med Trøndelag og sørover) er reisestipendet på 1 000 kroner.

For stipendsøkjarar frå Nord-Norge (frå og med Nordland og nordover) er reisestipendet på 1 500 kroner.

Fristen for å søke om reisestipend er gått ut. 

WOMEN'S FINANCE DAY

Er du jente, går på videregåande og vurderer ei karriere innan finans, sjekk også ut Women's Finance Day på NHH 12. og 13. februar.

Les mer om Women's Finance Day

NHH - FOR DEG SOM VIL NOKO MEIR!