Åpen dag 2019 - søndag

 MELD DEG PÅ OPENDAG.NO 

Program Åpen dag

Dette føregår på NHH klokka 11-13:

  • Vel møtt til NHH!
    Ved prorektor Linda Nøstbakken 
  • Kva går studiet ved NHH ut på – og passar det for deg?
    Ved professor Kjetil Bjorvatn
  • Korleis er det eigentleg å studere på NHH? 
    Ved student Frid Helén Hop
  • Internasjonale moglegheiter: Dra på utveksling til utlandet 
    Ved student Josefin Styve
  • Spennande jobbmoglegheiter etter studia 
    Ved ein tidlegare student
  • Rettferd - kor mykje bryr du deg når det kjem til stykket? Bli med på eit eksperiment med forskingssenteret FAIR  
    Ved forskar Hallgeir Sjåstad
  • Omvisning på campus 
  • Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia
  • Lunsj (gratis)

Kan du ikkje komme til NHH søndag 20. januar? Kom på Åpen dag måndag 21. januar i staden! Programmet på NHH er det same begge dagane. Ta gjerne med foreldra dine òg!

Frå klokka 11 og utover er det Åpen dag på Litteraturhuset i Bergen. Ver med på ei rekkje ulike føredrag og aktivitetar under overskrifta 'Studieklar'. 

På Litteraturhuset får du rettleiing i spørsmål som korleis velje det studiet som er rett for deg og korleis søkje. Du får òg informasjon om studentliv, studieteknikkar og karrieremoglegheiter i regionen uavhengig av kva studiestad du vel. 

Åpen dag er eit samarbeid mellom dei fire høgskulane (HvL, VID og NLA), Universitetet i Bergen og Utdanning i Bergen, til ein felles Åpen dag slik at du som finne ut kva du har lyst til å studere, kan få ein smakebit på kva utdanningane går ut på.

Les meir om bachelorstudiet ved NHH

REISESTIPEND

Bur du utanfor Hordaland, har generell studiekompetanse, har bestått matematikk R1 eller S1 og S2, og har gode karakterer, kan du søkje om reisestipend for å delta på Åpen dag. 

Poenggrensa for å komme inn på NHH var i 2018:
- 52,7 for førstegongsvitnemål
- 56,5 for ordinær kvote. 

For stipendsøkjarar frå Sør-Noreg (frå og med Trøndelag og sørover) er reisestipendet på 1.000 kroner.

For stipendsøkjarar frå Nord-Norge (frå og med Nordland og nordover) er reisestipendet på 1.500 kroner.

Søknadsfrist: søndag 13. januar 2019

Reisestipend til åpen dag

Kjønn
Ja, eg/jeg har matematikk R1 eller S1 og S2
Samtykke