35 millionar kroner til Skattesenteret

Guttorm Schjelderup
– Vi har lukkast med å få inn veldig gode unge forskarar, og forskinga frå senteret har vore over all forventning, seier NHH-professor Guttorm Schjelderup. Foto: Helge Skodvin.

20. januar 2017 09:20

(oppdatert: 20. januar 2017 10:19)

35 millionar kroner til Skattesenteret

Forskingsrådet og Skattedirektoratet går inn med 17,5 millionar kroner kvar til vidareføring av Senter for skatteforsking på NHH.

– Dette er midlar som er heilt avgjerande for at vi kan halde trykket oppe på dette viktige forskingsfeltet, seier professor Guttorm Schjelderup, som er leiar for Norwegian Center for Taxation (NoCeT).

Millionane frå Skattedirektoratet og Forskingsrådet blir fordelt over ein periode på fem år, fram til 2022.

Skal utvikle fleire kurs

Målet med senteret har vore å få ny kunnskap om skatt, skatteunndraging og etterleving av skattereglane og undervisning innan både skatt og offentleg økonomi meir generelt.

– Midlane vi får tilført no betyr mellom anna at vi kan tilby NHH ei gåvestilling i skatteøkonomi for å halde på den kompetansen som er bygd opp, tilsette nye postdoktorar og vi kan i tillegg tilsette personar i professor II-stillingar som kan gi spesialiserte kurs for studentane, seier Schjelderup.

NoCeT blei etablert i 2012. På opninga vår både dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen og skattedirektør Svein R. Kristensen til stades. Det er gjennomført evalueringar av senteret, og desse har gitt senteret svært gode tilbakemeldingar. Schjelderup er fornøgd med det dei har fått til sidan oppstarten.

Over 80 millionar kroner

– Spesielt vil eg trekke fram rekrutteringspolitikken. Vi har lukkast med å få inn veldig gode unge forskarar, og forskinga frå senteret har vore over all forventning. I tillegg har vi også markert oss i samfunnsdebatten. Eg må også trekke fram at vi har hatt mange svært dyktige masterstudentar. Fleire av oppgåvene som er skrive har enda opp som større oppslag i media, seier Schjelderup. Nyleg blei forskinga frå senteret også omtalt i den britiske avisa The Guardian.

Åpning av NoCET
Her frå opninga av NoCeT i 2012. Frå venstre: Professor Guttorm Schjelderup, dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen, ekspedisjonssjef Nina Bjerkedal i Finansdepartementet, dåverande rektor Jan I. Haaland og dåverande skattedirektør Svein R. Kristensen. Foto: Eivind Senneset

Sidan 2007 har skatteforskarane på NHH hanka inn over 80 millionar kroner i eksterne forskingsmidlar, og dei har fleire store forskingsprosjekt på gang. Parallelt med aktiviteten på NHH jobbar dei også saman med forskarar på UiB for å opprette eit nytt senter i skattejus.

– Målet med dette initiativet er at Bergen skal bli eit knutepunkt for forsking på skatt og skattejus. Det er mange tema som det er naturleg at juristar og økonomar samarbeider om, som for eksempel forsking på korrupsjon og selskap i skatteparadis, seier Schjelderup.

Les meir om aktiviteten ved senteret på nettsida til NoCeT

Les oppslag i Magma frå opninga av senteret i 2012

Les forskningsnytt frå NHH