Dette bør du vita før du går inn i eksamenslokalet

8. mai 2017 08:51

(oppdatert: 8. mai 2017 09:41)

Dette bør du vita før du går inn i eksamenslokalet

Kvart år oppstår det saker på NHH med personar som blir tekne i juks på både obligatoriske innleveringar, heimeeksamenar og skuleeksamenar.

Juks på eksamen blir regulert av universitets- og høyskoleloven (uhl.). Paragraf 4-8 slår fast at både forsøk på juks, forsetteleg juks og grovt aktlaust juks kan føra til annullering av eksamen og utestenging i opp til eitt år.

Reaksjonen på juks eller forsøk på juks skal vurderast konkret. Som hovudregel vert den aktuelle eksamenen annullert. Vidare vert det som oftast reagert med eitt eller to semester utestenging.

Om bloggeren:

Sigbjørn Råsberg er utdanna jurist og er studentombod på NHH. Studentombodet er uavhengig resten av NHH og skal utelukkande ta vare på studentane sine interesser. Han kan hjelpa deg i saker som gjeld studiesituasjonen. Typisk kan dette vera viss du er mistenkt for juks, har blitt nekta utviding av studieretten etc. Han har teieplikt både internt og eksternt. Møte med studentombudet kan avtatales på e-post eller telefon.

Som student ved NHH har du stadfesta at du har sett deg inn i dei føringane som gjeld for eksamenar på NHH. I all hovudsak er dette, i tillegg til føresegnene i uhl., NHH si eksamensforskrift og det utfyllande reglementet til forskrifta. Her blir det mellom anna regulert kva kalkulatorarar som kan nyttast, korleis sekkar, ytterklede, mobiltelefonar, lommebøker etc. skal oppbevarast under eksamen, korleis kjelder på heimeeksamenar skal førast med meir.

Viktige lenker

Det er særs viktig å kjenne til det gjeldande reglementet.
Det er særs viktig å kjenne til det gjeldande reglementet.

Som det er gjort greie for over er konsekvensane av å byta føringane i NHH sitt til ei kvar tid gjeldande reglement er potensielt store. Eg oppmodar difor alle til å ta ein ekstra gjennomgang av særleg eksamensforskrifta §§ 8 til 10, i tillegg til det utfyllande reglementet.

Mange fekk sikkert med seg saka med ein jusstudent på UiB som i 2012 vart teken med eit notat på pulten sin i eksamenslokalet. Studenten meinte dette var gløymd att på pulten og aldri var meint for å tilrøva seg eit ulovleg hjelpemiddel under eksamen. Studenten vart likevel utestengd av UiB i eitt semester i tillegg til at eksamenen vart annullert. Saka hamna til slutt i Høgsterett, Rt. 2015 s. 995, som la til grunn studenten si forklaring om at notatet hamna på pulten som ein følgje av ei forgløyming. Høgsterett konkluderte likevel samrøystes med at det var tale om juks og at studenten hadde handla grovt aktlaust. Vedtaket om annullering og utestenging i eitt semester vart slik oppretthalde.

Eit sentralt moment i dommen frå Høgsterett var at det i forarbeida til lova ved fleire tilfelle er understreka at det vert stilt eit strengt krav til aktsemd frå ein student i ein eksamenssituasjon. Kort forklart inneberer dette at studenten si viktigaste oppgåve når han eller ho går inn i eksamenslokalet er å sørgja for å ikkje ha med seg noko, eller på annan måte opptre på ein måte, som er i strid med eksamensreglementet.

Krava til deg som student er slik særs strenge, og det same er reaksjonane viss du skulle bryta med gjeldande reglement. Ta difor ein ekstra kikk på reglementet kvelden før du har din neste eksamen og kjenn etter i lommene dine før du går inn i eksamenslokalet og sørg for at du ikkje har noko liggjande på pulten eller i umiddelbar nærleik som ikkje skal vera der.

Les også: Forhindra frå å ta eksamen?