Forhindra frå å ta eksamen?

24. april 2017 14:26

(oppdatert: 24. april 2017 15:03)

Som student på bachelornivå har du to eksamensforsøk, medan du som masterstudent kan gå opp til eksamen i same emne inntil tre gonger.

Forhindra frå å ta eksamen?

Mai nærmar seg med stormskritt og med det òg høgsesongen for eksamenar.

Kvart semester vert det gjennomført om lag 250 eksamenar av ulik art på NHH. Kombinert med over 3 000 ambisiøse studentar ligg det i korta at ikkje alle planlagde eksamenar vert gjennomførte.

Om bloggeren:

Sigbjørn Råsberg er utdanna jurist og er studentombod på NHH. Studentombodet er uavhengig resten av NHH og skal utelukkande ta vare på studentane sine interesser. Han kan hjelpa deg i saker som gjeld studiesituasjonen. Typisk kan dette vera viss du er mistenkt for juks, har blitt nekta utviding av studieretten etc. Han har teieplikt både internt og eksternt. Møte med studentombudet kan avtatales på e-post eller telefon.

Som student på bachelor-nivå har du to eksamensforsøk, medan du som masterstudent kan gå opp til eksamen i same emne inntil tre gonger. Utover dette må du ha særskild løyve for å gå opp til eksamen. Ein student som har oppnådd karakter i faget vil etter NHH sitt reglement ikkje få fleire eksamensforsøk når dei ordinære er oppbrukt. Studentar som har brukt opp alle eksamensforsøka utan å ha oppnådd stå-karakter mistar i utgangspunktet studieretten. Følgjene av å bruka opp eksamensforsøka er slik potensielt store!

For å sikra at sjukdom og endra planar ikkje påverkar moglegheita til å fortsetja på studiet eller ta oppatt ein eksamen er det difor viktig å vera klar over kva formelle prosedyrar som må følgjast viss du vert forhindra å møta til eksamen eller på anna grunnlag ikkje planlegg å møta til ein eksamen.

Planlagt fråvær

Viss du i god tid i forkant av eksamen har bestemt deg for å ikkje møta til ein eller fleire eksamenar som du er meldt opp til bør du aktivt melda deg av eksamen. Viss ikkje vil manglande oppmøte telja som eit forsøk. Avmelding skjer på Studentweb og fristen er tre veker før eksamen. Det er ikkje noko krav om grunngjeving, sjukemelding eller likande. Det avgjerande er at du er innanfor tre-vekers-fristen.

Sjukdom og uføresette hendingar

Det er ikkje alltid mogleg å føresjå kva hindringar som oppstår i samband med eksamen. Du kan verta sjuk, forhindra som følgje av ekstremvêr eller andre ekstraordinære situasjonar utanfor din kontroll som du ikkje kunne føresjå. For denne typen tilfelle opnar eksamensforskrifta for at manglande oppmøte ikkje tel som eit eksamensforsøk. Vilkåret er likevel at det vert lagt fram dokumentasjon på tilhøvet som hindra deg. Slik dokumentasjon må fremjast for NHH seinast neste yrkedag.

For sjukdom vil fråvær måtte dokumenterast med legeattest. Det er då viktig at attesten er tilstrekkeleg presis når det kjem til at sjukdommen var av ein slik art at han hindra deg frå å kunne ta eksamen.

Viss du har starta eksamen og vert sjuk undervegs gjeld same krav til dokumentasjon.

Permisjon

Nokre studentar opplever etter å ha fått studieplass at det oppstår hindringar av ein meir langvarig karakter som gjer at dei ikkje kan følgja normal studieprogresjon. Dette vil typisk kunne vera alvorleg psykisk eller fysisk sjukdom, fødsel, militærteneste ol.

Studieretten for bachelor- og masterstudiet er i utgangspunktet fire og tre år. Viss du er vekke frå studiet utan permisjon vil denne tida telja. Vidare stiller NHH progresjonskrav som vil kunne føra til at studieretten opphøyrer viss krava ikkje vert oppfylde.

Som bachelorstudent kan du mista studieretten viss du har produsert:
•    Ingen studiepoeng etter eitt år,
•    Mindre enn 40 studiepoeng etter to år, eller
•    Mindre enn 60 studiepoeng etter tre år

For masterstudentar vil det same kunne skje viss du har produsert:
•    Ingen studiepoeng etter fyrste semester
•    Mindre enn 15 studiepoeng etter to semester

Ved forventa langvarig hindring vil det difor vera lurt å søkja om permisjon. Kravet etter både bachelorforskrifta og masterforskrifta er at «det foreligger vektige grunner». Permisjon vert normalt gitt i inntil eitt år og må fremjast for eksamenskontoret i starten av semesteret.

Lukke til på eksamen!

Les også: NHHs studentombod: Kva er godt nok for deg?