Valfag
Her finn du informasjon og tilrådingar om valfagstilbodet ved NHH.
Struktur
- 45 valfrie studiepoeng
- Som student skal du i løpet av studiet velje 6 modular med valfag. Det er sett opp valfag i studieplanen kvart semester utan tredje semester.
- Det er tilbod i modular i faga engelsk, fransk, japansk, spansk, tysk, matematikk, rettslære, økonomisk historie og ulike spesialiserte valfag som dei ulike fagmiljøa gir tilbod i.
- Skal du på utveksling, skjer dette normalt i fjerde semester. Du tar fire valfag på utveksling. Dersom du tar utveksling i fjerde semester flyttar du dei obligatoriske emna BED3 og SAM3 til sjette semester, og MET4 til femte semester.
- Om du vil ta språk som valfag må du ta to modular, til dømes ENG10 og ENG11. Dette er grunna i at du må nå eit visst nivå for å få utbytte av studiepoeng i språk.
Desse emna er tilrådd i hausten 2021:
Språkfag:
- ENG10 English for Business I
- TYS10 Tysk økonomisk språk
- SPA10 Spansk språk
- FRA10 Fransk økonomisk språk
- JAP10 Japansk 1
Introduksjon om valfaga i språk og videoar om dei einskilde emna
Andre emne:
- SAM12 Internasjonal økonomisk historie frå 1750 til vår tid (video)
- FOR14 Algorithms and computer programming with python (video)
- SAM16 Economic growth and development
- SOL12 Management consulting
- SOL13 Purchasing strategy and supply chain managment
Det er ein langt større portefølje med valfag enn den som er oppført her, eller blir presentert i videoane, men ein del av valfaga har forkunnskapskrav, eller tilråd kunnskapsnivå og mange byrjar i vårsemesteret.
For full oversikt over tilbodet må de sjå på nettsida og valfag på bachelor.
Lukke til med valet.