Slik kjem du deg til Bergen og NHH

Slik kjem du deg til Bergen og NHH

NHH ligg nydeleg plassert i Ytre Sandviken like utanfor Bergen sentrum.

 

Det er lett å kome frå Bergen sentrum til NHH. Det går bussar forbi NHH om lag kvart 5. minutt. Informasjon om kollektivtransport finn du på Skyss.no.

Kjem du med bil, køyrer du av motorvegen mellom Bergen sentrum og Åsane (nord for Bergen sentrum). Avkøyringa til høgskulen er skilta. Sjå gjerne videoen under.