immatrikulering

immatrikulering

Måndag 10. august inviterer me dykk til den tradisjonsrike immatrikuleringsseremonien for nye studentar.

På NHH er eit av høgdepunkta i studieåret å ønskje nye studentar velkommen, difor vil vi ikkje ha ei digital immatrikulering, men treffe dykk i levande live på skulen. Det vert talar og musikk. Rektor, prorektorar og andre aktuelle talarar ønskjer deg velkommen.

Seremonien er noko endra frå eit vanleg år og de vil bli inmatrikulert i grupper. De vil ikkje få gleda av å handhelse på rektor, men vi vonar og trur at seremonien framleis vil vere ein flott start på studietida di på NHH. 

Antrekk: Pent

Start: Kl. 10.00 – 11.30