Karrieretenester for studentar

Karrieretenester for studentar

Har du ambisjonar om ein internasjonal karriere er det viktig at du er godt førebudd og at du startar planlegginga så tidleg som mogeleg. Karrieresenteret kan hjelpe deg på vegen!

KARRIERERETTLEIING

Få internasjonal karriererettleiing hos Karrieresenteret onsdagar kl. 12.00-14.00 og fredagar kl. 10-12. Her kan du tinge rettleiing

kurs og workshops

Karrieresenteret arrangerer ulike kurs og workshops gjennom året. Kursa blir annonsert på karriereportalen vår, JobTeaser.

INTERNASJONALE INTERNSHIP OG STILLINGAR 

Karrieresenteret har ei rekkje internshipavtalar med eksterne partnarar som United Nations Population Fund (UNFPA), DNB, Innovasjon Norge, OECD, Unicef, etc.

Alle internship-utlysingar og kurs blir kunngjort på Karrieresenterets karriereportal JobTeaser:

Jobb teaser logo

Du kan også søkje etter internship på karriereportalen Highered:

LOGG PÅ KARRIEREPORTALEN HIGHERED

INTERNSHIP ABROAD PROGRAMME

Vi hjelper deg med internships av høg kvalitet i utlandet. Du kan no også få godkjent eit internasjonalt internship som del av graden din ved NHH.

MEIR INFORMASJON OM PROGRAMMET

KARRIEREDAGANE

Karrieresenteret samarbeider kvart år med NHHS Næringslivsutval (NU) om Karrieredagane. 

Sjå video fra kurset "Mestre gruppecase på jobbintervju":

 

hald deg oppdatert

Oppslag om internasjonale internship- og jobbkunngjeringer finn du i hovudsak på ICCs gruppe på LinkedIn og på Facebooksidene Internship and Job Opportunities for NHH students og International Career Centre - NHH.

Sjå fleire videoar frå OECD på vår Youtube-kanal

 

tips for deg som vil jobbe i utlandet

  • Vær open og nysgjerrig: jo meir du lærer om deg sjølv og verda rundt deg, desto lettare er det å ta riktige karriereval
  • Førebu deg godt: pass på at du i både CV, søknad og intervjusituasjon presenterer deg på ditt beste, slik at du får vist kvifor akkurat du er den beste kandidaten for jobben
  • Les deg opp på førehand om verksemdene som kjem til NHH for å rekruttere. Då vil du få meir ut av samtalane med dei, og auke deira interesse for deg.

Og sjølvsagt, bruk gjerne av Karrieresenterets internasjonale karriererettleiing. Du kan bestille time hos oss via TimeEdit onsdagar kl. 12.00-14.00 og fredagar kl. 10-12.