Forsikring og visum

Forsikring og visum

Når du skal på utveksling er det viktig at du har riktig visum, har teke dei naudsynte vaksinane og er dekka av forsikring.

ID-papir

Medan du er på utveksling må du sørge for å ha gyldige id-papir i det landet du skal reise til. Merk at norsk førarkort ikkje er gyldig ID utanfor Noreg!

Visum

Det er ikkje krav om visum i EU/EØS-land, men du må registrere deg etter framkomst. Les meir om din destinasjon hos Utanriksdepartementet.

Viss du treng å søkje visum må du ordne det innan du reiser på utveksling. For å kunne søkje må du ha eit offisielt opptaksbrev frå vertsskulen, NHH har ikkje høve til å framskunde denne prosessen. Dersom du ventar på eit offisielt opptaksbrev, så kan du lese gjennom visumsøknadsprosessen og førebu naudsynt dokumentasjon i mellomtida.

Du er sjølv ansvarleg for å søkje om visum før du reiser på utveksling. Det er også viktig at du sørgjer for at passet ditt er gyldig i heile perioden du skal vere på utveksling. Nokre land krev også at passet skal vere gyldig i seks månader etter heimreise.

Forsikring

Det er viktig at du har forsikring for heile utvekslingsopphaldet, inkludert reise til og frå vertslandet. Ver obs på at ei vanleg årleg reiseforsikring ofte berre dekkjer kortare opphald og ferieturar i utlandet.

Nokre universitet krev at du teiknar ei obligatorisk forsikring som dei sjølv tilbyr, særskilt i USA, men også i andre land. Dei fleste av NHH sine partnaruniversitet godtek medlemskap i Folketrygda, inkludert universiteta i Australia som gir norske statsborgarar fritak frå å kjøpe Overseas Student Health Cover (OSHC).

Innanfor EU/eøs

Europeisk helsetrygdkort gir deg rett til naudsynt medisinsk behandling på same vilkår som borgarar i landet du skal på utveksling til i EU/EØS og Sveits. Les meir og bestill Europeisk helsetrygdekort hos Helfo.

UtaNFOR EU/EØS

Med medlemskap i Folketrygda vil du som norsk statsborgar med stønad frå Lånekassa få eit brev frå Helfo som stadfestar dine helserettigheiter utanfor Noreg automatisk. Dette gir deg rett til naudsynt medisinsk behandling på same vilkår som borgarar i landet du skal på utveksling til.

Merk at helserettigheitene du har etter EØS-avtalen og medlemskap i Folketrygda er avgrensa. Dei inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom eller liknande. Vi tilrår deg difor på det sterkaste å teikne ei forsikring for studium i utlandet.

NB! Dersom du tek arbeid av noko art medan du er student i utlandet, så kan du miste retten til dekning av utgifter til helsetenester frå den norske folketrygda. Les meir om medlemskap i folketrygda hos NAV.

 

Vaksine

Det er viktig at du tek naudsynte vaksinar før du reiser. På sida til Utanriksdepartementet kan du sjekke om du treng å ta vaksiner for den destinasjonen du skal reise til. Tenk også gjennom på førehand om du har reiseplanar før, undervegs eller etter utvekslingsopphaldet i område der det er nødvendig å ta ekstra vaksiner. Nokre vaksiner må du ta i god tid før avreise. For å ta vaksiner må du få tilvising frå fastlegen din. Det finnst også private aktørar som kan setje vaksiner. Det er lurt å sjekke prisar hos ulike tilbydarar først.

På nettsida til Helse Norge kan du sjekke kva vaksiner du allereie har.