Førebuingar før avreise
Når du skal på utveksling, er det viktig at du har riktig visum, har teke dei naudsynte vaksinane og er dekt av forsikring. Du bør også tenkja på bustad og konfliktnivået i vertslandet du skal til.
ID-papir
Medan du er på utveksling, må du sørga for å ha gyldige id-papir i det landet du skal reisa til. Merk at norsk førarkort ikkje er gyldig ID utanfor Noreg!
Visum
Det er ikkje krav om visum i EU/EØS-land, men du må registrera deg når du kjem fram. Les meir om destinasjonen din hos Utanriksdepartementet.
Viss du treng å søka visum, må du ordna det før du reiser på utveksling. For å kunne søka må du ha eit offisielt opptaksbrev frå vertsuniversitetet. NHH har ikkje høve til å framskunda denne prosessen. Dersom du ventar på eit offisielt opptaksbrev, kan du lesa gjennom visumsøknadsprosessen og førebu dokumentasjon i mellomtida.
Du er sjølv ansvarleg for å søka om visum før du reiser på utveksling. Det er også viktig at du sørger for at passet ditt er gyldig i heile perioden du skal vera på utveksling. Nokre land krev òg at passet skal vera gyldig i seks månadar etter heimreise.
Forsikring
Det er viktig at du har forsikring for heile utvekslingsopphaldet, inkludert reise til og frå vertslandet. Ver obs på at ei vanleg reiseforsikring ofte berre dekker kortare opphald og ferieturar i utlandet.
Nokre universitet krev at du teiknar ei obligatorisk forsikring som dei sjølv tilbyr, særskilt i USA. Dei fleste av NHH sine partnaruniversitet godtek medlemskap i Folketrygda, inkludert universiteta i Australia som gjev norske statsborgarar fritak frå å kjøpa Overseas Student Health Cover (OSHC).
Innanfor EU/eøs
Europeisk helsetrygdkort gjev deg rett til naudsynt medisinsk behandling på same vilkår som borgarar i landet du skal på utveksling til i EU/EØS og Sveits. Hugs at det Europeiske helsetrygdekortet ikkje lenger dekker medisinsk behandling i Storbritannia. Les meir og bestill Europeisk helsetrygdekort hjå Helfo.
UtaNFOR EU/EØS
Med stønad frå Lånekassen vil du automatisk få eit brev frå Helfo som stadfestar helserettane dine utanfor Noreg. Dette gjev deg rett til naudsynt medisinsk behandling på same vilkår som borgarar i landet du skal på utveksling til.
Merk at helserettane du har etter EØS-avtalen og medlemskap i Folketrygda er avgrensa. Dei inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom eller liknande. Vi tilrår deg difor på det sterkaste å teikna ei forsikring for studium i utlandet.
NB! Du kan mista retten til dekning av utgifter til helsetenester viss du tek arbeid av noko art medan du er student i utlandet. Les meir om medlemskap i folketrygda hjå NAV.
Vaksine
Det er viktig at du tek naudsynte vaksinar før du reiser. På sida til Utanriksdepartementet kan du sjekka om du treng å ta vaksinar for den destinasjonen du skal reisa til. Dobbelsjekk også vaksinekrav for eventuelle destinasjonar du har planlagt å reisa til. Somme vaksinar må du ta i god tid før avreise. For å ta vaksinar må du få tilvising frå fastlegen din. Det finst også private aktørar som tilbyr vaksinar. Det er lurt å sjekka prisar hos ulike tilbydarar først.
På nettsida til Helse Norge kan du sjekka kva vaksinar du allereie har.
Bustad
Ein ordentleg stad å bu er viktig for å trivast som utvekslingsstudent. Me tilrår i utgangspunktet at du arrangerer bustad så fort som mogleg og i god tid før avreise. I somme land/byar ser me likevel at det dessverre kan vera vanskeleg å finna høveleg bustad før du reiser.
Mange universitet tilbyr bustad ved/nær campus for utvekslingsstudentar. Sjekk om du kvalifiserer til dette så fort som mogleg etter du har kome inn på vertsuniversitetet. Dei fleste vertsuniversitet har også informasjon om alternativ bustad på privatmarknaden på nettsidene sine. Leit etter sider om «housing» eller «accommodations» på heimesida til vertsuniversitetet. Dersom du ikkje finn noko verken via vertsuniversitetet eller på privatmarknaden, kan du vurdera å leiga på hotell eller hostell. Dei fleste hotell/hostell tilbyr faste månadsprisar for folk som ynskjer langtidsleige. Dette må du ofte kontakta hotellet/hostellet direkte om.
Ver open for å dela rom med andre studentar i dyre byar, då dette ofte er betydeleg billigare enn å leiga individuelle rom. I somme byar, t.d. Melbourne og Singapore, er dette ikkje uvanleg blant NHH-studentar.
Konfliktsituasjonar
Uheldigvis kan internasjonale eller lokale konfliktar oppstå i byen/regionen/landet du har søkt utveksling til. Konflikten kan vera alt ifrå krig, opptøyar, epidemi eller demonstrasjonar, og kan vera kort- eller langvarig. Me forstår at dette kan føra til at du vurderer å trekkja deg frå utveksling eller søkja på restplassopptak, alt ettersom, og at du gjerne har spørsmål rundt dette.
NHH fylgjer UDs reiseråd, og avlyser ikkje utveksling til byar/regionar/land med eit høgt konfliktnivå med mindre UD har åtvara norske borgarar og studentar ved norske universitet mot å reisa dit. Dersom du likevel ynskjer å trekkja deg frå utveksling, takkar nei til tildelt plass, eller søkjer på restplass, vil du difor ikkje få spesialhandsaming. Du vil heller ikkje ha høve til å søkja på utveksling, eller forandra på rekkefylgja i prioriteringslista di, etter fristen.
Kontakt
- E-post
- international@nhh.no