Finansiering av utvekslingsopphald

Finansiering av utvekslingsopphald

Det finst ulike kjelder til finansiering av utvekslingsopphald.

Støtte frå Lånekassen

Som utvekslingsstudent kan du søkje Lånekassen om lån og stipend til delar av utdanning i utlandet. I tillegg til basistøtte og reisetillegg kan du søkje om støtte til å betale skulepengar og til å ta eit førebuande språkkurs ved behov.

Nokre generelle regler når det gjelder støtte frå Lånekassen:

  • Basisstøtta er lik den du får til vanleg. 
  • Skal du til ein skule som krev skulepengar, må du leggje ved dokumentasjon frå vertsskulen om kor mykje du skal betale i skulepengar.
  • Du kan i nokre tilfelle få ekstra stipend til å dekke skulepengar om du skal til ein skule som er på Lånekassens si tilleggstipendliste. Les meir om tillleggstipend.
  • Det er ein føresetnad for å få full støtte at faga du tek på utveksling tilsvarar like stor semesterbelastning som eit normalt semester i Noreg krev.
  • Når undervisningsspråket ikkje er engelsk kan du få ekstra stipend frå Lånekassen viss du tek språkkurs i undervisningsspråket før delstudiet tek til. Lånekassen sitt regelverk for støtte til språkkurs finn du her.

Meir om støtta frå Lånekassen.

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon frå NHH om at du skal på utveksling, denne informasjonen sender NHH direkte til Lånekassen. For bachelorstudentar som skal ut i vårsemesteret sender vi informasjon tilLånekassen i det føregåande høstsemesteret.

Skal du på utveksling i vårsemesteret søkjer du støtte for heile studieåret som vanleg i byrjinga av studieåret. Frå november kan du søkje på nytt om støtte til vårsemesteret, med informasjon om at du skal på utveksling.

stipend

Erasmusstipend

Om du skal på utveksling i Europa (unnteke Sveits), er du erasmusstudent, og vil få erasmusstipend. Som CEMS MIM student kan du få stipend til CEMS-internship i Europa.

Meir om Erasmus+stipendet

Nordplusstipend

Om du skal reise på utveksling i Norden, kan du få eit Nordplusstipend istadenfor erasmusstipend om du ynskjer det. Nordplusstipendet er mindre enn Eramusstipendet, men kan i nokre tilfelle gi boliggaranti ved vertsskuler (til dømes ved Göteborgs Universitet).

Meir om Nordplusprogrammet

E.ONStipend

E. ONstipend er oppretta for å styrke og utvide samarbeidet mellom Noreg og Tyskland gjennom auka akademisk utveksling. Du kan søkje om stipend om du

  • er ein master- eller doktorgradsstudent som planlegger eit opphald i Tyskland
  • studerar eller skal studere i feltet Energy Sciences med eit økonomisk perspektiv
  • er ein masterstudent som har gjennomført videregående i Noreg eller Tyskland, eller ein doktorgradsstudent som har gjennomført mastergraden i Noreg eller Tyskland

NHH administrerer ikkje stipendet, men kan skrive ein stadfesting om at du skal på utveksling til Tyskland som du kan leggje ved i søknaden til E.ON Stipendienfonds. Ta kontakt per int.stud@nhh.no om du treng ein stadfesting. 

Meir om E.ON Stipendienfonds

Merk at du kan ikkje få erasmusstipend viss du får tildelt E.ONstipend, men E.ONstipend er så generøst at du vil uansett kome betre ut av det enn viss du reiser ut med erasmusstipend.

Andre stipend

Les om Forskningsrådets stipend

Les om stipend i Legathåndboka

Les om Fulbright-stipendet

Lei ut din bolig

Unngå ekstra utgifter og lei ut rommet mens du er på utveksling. NHH samarbeider med Housing Anywhere, der du kan legge ut din bolig for leie til utvekslingsstudenter som skal være eitt eller to semestre ved NHH. Pass på at du har lov til å fremleie rommet ditt til andre. Tjenesta er gratis og du kan også søkje etter bolig i den byen du sjølv skal på utveksling til.

Mer om Housing Anywhere