Semesterregistrering i utvekslingssemesteret
Alle studentar som reiser på utveksling, skal i utvekslingssemesteret også betala semesteravgift og semesterregistrera seg ved NHH.
Utvekslingsstudentar må registrera seg med koden "UTVEKSLING, 0 studiepoeng". Koden har ikkje undervisning- eller eksamensoppmelding.
Frist for å registrera utveksling i studieplanen er 1. februar/1. september. Studentar som ikkje har gjort dette, må ta kontakt med international@nhh.no for hjelp.
Du skal legga "UTVEKSLING, 0 sp" i utdanningsplanen din uavhengig av kva kurs du faktisk skal gjennomføra i utlandet. Når utvekslingsopphaldet er over og NHH har motteke dokumentasjon på kva kurs du har bestått i utlandet, vil godkjenning vera lagt inn på dei rette emna. Sjølve karakteren frå eit emne ved vertsuniversitetet vil ikkje verta overført til NHH-vitnemålet ditt, emna vil berre verta vekta som bestått. Dette betyr at kurs som er ikkje bestått, ikkje vil verta innpassa.
Du har høve til å melda deg opp til å ta opp eksamenar ved NHH på like vilkår som elles når du er på utveksling, men me tilrår likevel ikkje at du melder deg til å ta opp at nokon fag ved NHH i semesteret du er på utveksling.